Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 16, 2007

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Om nokon kan skriva ei spire om hydrosfæren. Hogne 15:14, 13 april 2007 (CEST)

Ikkje einig. Artikkelen er verkeleg god, men det er mange raude peikarar til sentrale støtteartiklar. Og skal en verkeleg skjønna dette bør ein ha med fleire av støtteartiklane. --Ekko 15:20, 13 april 2007 (CEST)
Eg kan godt ta i eit tak her og fylle dei raude peikarane. --Frokor 16:04, 13 april 2007 (CEST)
Eg trur særleg fordampingsavkjøling, spesifikk fukt, Avogadro si lov og partialtrykk er sentrale støtteartiklar. --Ekko 16:17, 13 april 2007 (CEST)
Eg har starta på hydrosfære, og tar desse etter kvart. --Frokor 16:37, 13 april 2007 (CEST)
Eg stussar på ein liten ting. Eg veit det er eg sjølv som har skrive det, men setninga «Vanlegvis kan vi ikkje sjå vassdamp», burde kanskje ikkje vore der, for me kan aldri sjå vassdamp. Det me kallar damp når noko kokar er ikkje vatn i gassform, men ørsmå vassdropar (og derfor er det ikkje vassdampen me ser). Ein kan ikkje sjå vassdamp noko meir enn ein kan sjå oksygen. Ein kan derimot sjå spor av vassdampen indirekte når noko kokar, så kanskje setninga burde vore «Ein kan ikkje sjå vassdamp direkte» eller noko i den dur. --Frokor 12:59, 15 april 2007 (CEST)
Er samd i de eiga innvending, men du må ikkje gjere det for vanskeleg. Sjå på innleiinga ein gong til. Det står at fordamping og kondensering skjer samstundes, men det er vel rettare motsette prosessar? Vitskapleg er det kanskje rett, men likevel.... Kanskje det vart lettare å forstå det rett om du skreiv «Under normale atmosfæriske forhold vil vatn heile tida fordampe; når lufta er vassmetta vil vassdampen kondensere til ørsmå dropar. Vassdamp er usynleg; frostrøyk og tåke er svevande vassdropar.» Eller noko slikt. - Knut 13:17, 15 april 2007 (CEST)
Det er jo eit viktig fenomen innafor fysikk og kjemi at motsette prosessar skjer samstundes, så det bør absolutt stå. Men det kan kanskje seiast tydlegare? --Ekko 13:22, 15 april 2007 (CEST)
Det bør vere med jo, men det var ikkje det eg tenkte på det. Eg tenkte å få fram tydlegare at ein ikkje kan sjå vassdamp direkte. Berre indirekte. Boblene på bilete er jo eit godt døme på korleis ein kan sjå vassdampen indirekte som bobler i vatn. --Frokor 13:25, 15 april 2007 (CEST)
Då er du inne på noko. Vi kan sjå vassdampen som små bobler når vi vermer opp vatn; når vassdampen kjem opp i lufta er han usynleg. Frostrøyk og tåke vert folkeleg kalla «vassdamp», men er eigentleg svevande vassdropar. --- Fenomenet er enkelt og kvardagsleg, men likevel er det mange som ikkje veit at vassdampen er usynleg. Poenget eg prøvde å få fram, var at vi ikkje må forklare det på ein så komplisert måte at berre dei som visste det frå før, forstår kva vi meiner. - Knut 14:09, 15 april 2007 (CEST)