Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 21, 2007

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Carl von Linné har 300-årsdag 23. mai. Dette bør vera vekas artikkel, men artikkelen bør bli mykje betre til då. --Ekko 14:49, 2 januar 2007 (CET)

Linné var utvald på bokmål i veke 19 og blir det på dansk i veke 23. Ikkje at dette treng vera noko hinder for oss, men me bør vel i det minste finna eit anna bilde. Eller finst det andre gode forslag? --Ranveig 14:11, 19 mai 2007 (CEST)
Eg såg på eit par kandidatartiklar. Slemmestad er ein god og oppdatert (historisk til vår tid) artikkel med mykje blått. --Ranveig 09:07, 20 mai 2007 (CEST)
Her får eg eit akutt åtak av tvisyn. Artikkelen er slett ikkje dårleg, men det manglar stoff om overgangen frå einsidig industristad til forstad. Litt meire om skilnaden i biologien mellom dei kalksteinsrike områda nord for Slemmestad og grunnfjellsområda på sørsida hadde vore artig.
På den andre sida har eg av private grunnar ikkje tid til meire biblioteksflying og litteraturstudiar på denne sida av hausten. Og av og til må kanskje bra nok vera bra nok?
Eg vil gjerne at nokon går gjennom artikkelen med tanke på språkføringa, dersom han skal nyttast alt no.
--Ekko 09:23, 20 mai 2007 (CEST)