Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 24, 2007

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva med Eigerøy fyrstasjon? --Ekko 13:31, 8 juni 2007 (CEST)

OK det, men det er ikkje snart på tide med ein biografi? Kanskje neste veke? Hogne 15:20, 8 juni 2007 (CEST)
Jau og jau. Kom gjerne med forslag for veke 25 allereie; det er ikkje slik at me absolutt må gjera alt i siste liten! --Ranveig 15:41, 8 juni 2007 (CEST)
Det er ikkje for mange biografiar å ta av på kandidatlista. Sayyid Qutb er kanskje den beste kandidaten. Evt., for å gå utom biografiane, Ekteskap i swahilikulturen. Ein annan biografi er Tomáš Masaryk. Sayyid Qutb treng bilete, Tomáš Masaryk kanskje litt meir tekst, men ikkje mykje. Trondtr 13:11, 9 juni 2007 (CEST).
Charlie Parker er og ein biografi me kan bruka? --Anders 14:19, 9 juni 2007 (CEST)
Charlie Parker er føreslått for veke 26 (fordi han den 22. juni 1945 heldt ein berømt konsert med «Dizzy»). No har eg nett føreslått at me skal venta med Tomáš Masaryk til september. Klarer me venta heile to veker på ein biografi? --Ranveig 17:58, 9 juni 2007 (CEST)
Alle artiklar som har gode grunnar til å gå visse veker, bør gjere det, så Parker og Masaryk kan vente, og det kan biografiane også (tidlegare har vi etter mitt syn hatt vel mange biografiar, det vart litt ubehageleg gamaldags historieskriving her ei vending). Men Qutb er ikkje så dum. Alt dette gjeld altså veke 25 og framover. No til veke 24 er Eigerøy etter mitt syn heilt fin; ta gjerne det raude som finst der den som kan og har tid. Trondtr 18:38, 9 juni 2007 (CEST).