Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 30, 2007

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

frå kalendaren. Hogne 12:09, 29 juni 2007 (CEST)

Hmm, denne artikkelen er ein av dei maskinomsette artiklane frå bokmål, og har vore vekas aritkkel der (rett nok for lenge sidan). Eg veit ikkje heilt kva politikk vi skal ha for slike artiklar. Trondtr 23:55, 15 juli 2007 (CEST).
Det burde ikkje vera noko problem så lenge artikkelen er gjort «vår» ved språkvask og ei ekstra boning der ein får vekk dei siste bokmålske formulerelselighetene, men eg er litt i tvil om artikkelen høyrer heime på Wikipedia i det heile, sjå diskusjon:Restaureringa av Nidarosdomen. Kanskje Nidarosdomen kan utvidast ved hjelp av Restaureringa og artikkelen på bokmål til å bli ein vekesartikkel i staden? --Ranveig 23:45, 16 juli 2007 (CEST)
Gjerne ein forbetra Nidarosdom, men eg meinar òg at Restaureringa av Nidarosdomen kan nyttast. Mykje anna av det me har presentert er omsett stoff, og også denne artikkelen har vore flikka på manuelt. Artikkelen om Nidarosdomen er for tynn enno Hogne 00:12, 17 juli 2007 (CEST)
Sjølv om artikkelen ikkje treng å ha «God artikkel»-kvalitet, er det uansett alt for mykje raudt i sentrale peikarar. Til dømes: Nidelva, romansk arkitektur, gotisk arkitektur, strebeboge, arkade, Steinvikholmen, Wagnerorgelet i Nidarosdomen, Vår Frue kyrke (Trondheim), Heinrich Ernst Schirmer, Helge Thiis, Erkebispegarden. Ut i frå fleire tilfelle siste året, meiner eg at mesteparten av det raude må bort før me gjer deartikkelen til Vekas artikkel. --Ekko 08:35, 17 juli 2007 (CEST)
Eg er ikkje like redd for å ha raude lenkjar på framsida som det Ekko er. Eg meiner dette prosjektet framleis er i ei oppbyggingsfase og at ein må vente lenge før det kan nyttast som eit seriøst leksikon alternativ. Eg tok i fjor ut eit utdrag av Caplex og såg kva som fanst på bokmålswikipedian. Jeblad konkluderte då med at:
«Jeg har sett på det samme, at antall artikler har passert men at det som omtales enten omtales med forskjellige 
begrepsapparat eller ikke omtales i hele tatt. Jeg har vel en slags idé om at vi må opp i 150-200 000 artikler før Caplex er dekt. 
Derimot virker det som om de artiklene vi har om et tema, som også er behandlet i Caplex, så er vår behandling 3-5 ganger større.
Ofte er imidlertid ikke informasjonsmengden særlig større, det er bare teksten som er mer volumiøs, eller bloathed om en vil. 
— Jeblad 8. jul 2006 kl.10:59 (UTC)»
Difor meiner eg at det er bra å invitere flest mogeleg skribentar inn for å delta i å skrive dei artiklane som me treng. Denne veka så tok Ekko vekk lenkja rundt trafikk. Eg syns personleg den skulle få stått for å invitere dei som vitjar oss til å skrive med. Når me når 200 000 artiklar (kanskje i 2018?) kan me gå rundt å vere stolte og byrja skjule manglar. Det er er enno for tidleg. Hogne 14:08, 17 juli 2007 (CEST)
Det var vel meire ei usemje om kva det skal peikast til og kor mange peikarar det skal vera i teksten. --Ekko 14:20, 17 juli 2007 (CEST)
Eg dreg attende atterhaldet mitt mot maskinomsette artiklar. Når det gjeld om stoffet skal i restaureringsartikkelen eller i Nidarosdom-artikkelen hellar eg til det første, fordi: slår vi saman blir artikkelen for lang, det bør vere mogleg å lese ein relativt ahistorisk artikkel om kyrkja slik ho står i dag, utan alle rundane dei tok på 1800-talet. Men så er det det då, at over halve kyrkja jo faktisk vart bygd på 1800-talet, og at ho vart det, korleis ho vart det, og ikkje minst korfor ho vart det fortener ein eigen artikkel. Elles er eg samd med Ekko, det er for mykje raudt. Men eg veit ikkje korleis det står til med alternativa, kanskje det enklaste er å fylle på dei raude. Trondtr 09:19, 17 juli 2007 (CEST).
Det er utan tvil det beste å skapa ei spire eller meir for å bli kvitt raude lenkjer. Hogne 14:08, 17 juli 2007 (CEST)