Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 52, 2005

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Veke 52 varar i 2005 frå 26. desember 2005 til 1. januar 2006. Tempelet i Jerusalem er relevant gjennom at tempelatterinnviingshøgtida hanukká i 2005 varar frå solnedgang den 25. desember til solnedgang den 2. januar 2006. Tempelet i Jerusalem er til ein viss grad relevant i samband med jula, og det er eit svært sentralt emne for å forstå tilhøva i Midtausten. -- Olve 8. jun 2005 kl. 0541 (UTC)

Denne artikkelen er for dårleg til å vere vekas artikkel. Det er jo nesten ikkje tekst der. Trondtr 26. des. 2005 kl. 11:17 (UTC).

Den 1. januar 2006 blir Tustna og AureNordmøre samanslegne til éin kommune med namnet Aure og nytt kommunevåpen basert på kommunevåpenet til den noverande Tustna kommune. Tilsaman vil den nye kommunen ha svært mykje natur, ei interessant historie (frå fosnakultur gjennom vikingslag, hollendertid med Noregs første kleppfisktørking, moderne naturgassanleggTjeldbergodden og bluesfestivalRingholmen til Imarsundprosjektet med brubygging og tilhørande kommunesamanslåing. -- Olve 8. jun 2005 kl. 0551 (UTC)

Aure kommune som vekas artikkel i høve kommunesamanslåinga er ein svært god idé. Men artikkelen bør i det minste bli tredobla i løpet av veka, noko som ikkje skulle vere for vanskeleg, det er vel nok folk her som har greie på Aure og kommunar. Trondtr 26. des. 2005 kl. 11:19 (UTC).

Panikkvedtak[endre wikiteksten]

Gjorde «éinstemmig» (dvs. solo-) vedtak om å leggje inn planeten Jupiter for å få bort raudlenkja på hovudsida vår. (Tempelet i Jerusalem og Aure kommune er ikkje klare enno...) -- Olve 26. des. 2005 kl. 08:14 (UTC)

Bra jobba, Olve! Eg støtter vedtaket.  :-)
--Verdlanco\ordskifte 26. des. 2005 kl. 10:53 (UTC)