Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 7, 2007

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hjarte er føreslått i samband med valentinsdagen, og det synest eg er eit godt forslag. Artikkelen peikar til mange artiklar som ikkje er laga enno, men som bør skrivast! Hjarte som symbol bør òg dekkast, men me har jo ei heil veke på oss. Nesten ei heil veke. Mange hjarteslag.

Som opprør mot dei svart/kvite bilda dei siste tre vekene vil eg gjerne sjå eit raudt, blodig, bankande hjarte... eller i det minste litt raudlete. Nokre forslag:

--Ranveig 00:30, 6 februar 2007 (CET)

Det kan gå, artikkelen er ikkje håplaus. Men det må bli ein verkeleg dugnad på å få vekk raude ord. --Ekko 09:30, 6 februar 2007 (CET)
No trur eg at eg har gjort dei meist naudsynte endringane i innhald, men teksten må bli språkvaska. --Ekko 22:37, 6 februar 2007 (CET)

Nr9: Det er dessverre litt nja, med helling mot nei. --Ranveig 02:22, 7 februar 2007 (CET)

Eg var redd for det, ja. Det ligg eit bilete lokalt på en:, (sjå Heart, men eg trur kanskje det er litt valdsamt. Og historia bak var litt tvilsam. --Ekko 11:43, 7 februar 2007 (CET)

No har eg retta opp språket i både hovudartikkelen og det utdraget frå første delen som står i avdelinga for "vekas artikkel" (som elles burde heite "artikkelen denne veka"). Kvifor er utdraget som blir synt på hovudsida framleis det gamle med feil og inkonsekvensar? --Erling 09:16, 12 februar 2007 (CET)

Det tek litt tid før hovudsida blir oppdatert. Om du vil gjera det sjølv, kan du trykka på «Oppdater hovudsida» som står på «Siste endringar». Eg skal legga inn same peikaren på Hovudside-diskusjonssida òg. --Ranveig 11:43, 12 februar 2007 (CET)