Wikipedia-diskusjon:Wikiprosjekt Litteratur

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Standard på oppsett av verklister[endre wikiteksten]

Kan me verta einige om ein standard på oppsett av verklister i til dømes forfattarartiklar? Eg kan ikkje finna at det er formulert ein slik standard her på nn.wikipedia, (men det står litt om bibliografiformat i Wikipedia:Stilmanual) og det er i alle fall fleire ulike måtar i bruk for oppsett av desse listene. Eg tykkjer at så lenge me sorterar listene kronologisk er det mest naturleg å setje årstala først i listeoppføringane (i motsetnad til om me hadde sortert titlane alfabetisk). Vanleg praksis på t.d. nb ser ut til å vera å setja tittel først, så årstal, gjerne i parantes, som her: http://no.wikipedia.org/wiki/Linn_Ullmann . Kva er den den optimale forma, korleis skal me ha det?

Sjølv har eg brukt desse formata:

  • 1

Eller evt. slik:

  • 2

Novellesamlingar[endre wikiteksten]

Romanar[endre wikiteksten]


Eller evt. slik:

  • 3

Der det ikkje står noko anna er bøkene kome ut hjå Forlag XX.

Novellesamlingar[endre wikiteksten]

Romanar[endre wikiteksten]



Olve har dessutan gjeve uttrykk for at han meinar at det skal vera ein strek mellom årstal og tittel (tankestrek, bindestrek eller numerisk strek?), sjå Jon Fosse. Det er også Olve som har sagt at forleggjar og utgjevarstad godt kan vera med, sjå Jakob Sande.


ISBN nummer i verklister[endre wikiteksten]

Ei stund prøvde eg å ta med ISBN-nummer i verklistene, men det var eit par sider ved det eg ikkje likte:

  • 1: Sjangsen for at oppføringa vart over ei linje lang auka mykje. Det fører til meir arbeid for å få listene til å sjå ryddige ut.
  • 2: ISBN nummeret er heilt eksakt, det viser berre til ei utgåve, og "same boka" kan ha mange ulike ISBN nummer. Om eg berre oppgjev det fyrste ISBN nummerert og nokon så søkjer på det på ISBN søkjesida her på nn.wikipedia for å finne boka til salgs einkvann stad vil det kunne vera missvisande, i det fyrsteopplaget kanskje er utseld, mens seinare utgåver gjerne kan vera lette å få tak i, men det vil ein ikkje få noko treff på.

(Eg er sjølvsagt ikkje mot ISBN-nummer ellers).


Har nokon synspunkt, andre og betre forslag eller noko anna å melda? Oppsettetet bør vera såpass generelt at det kan brukast også for til dømes musikkutgjevingar (frå musikkrullar til komprimerte lydfiler). Jorunn 28. mar 2005 kl. 2152 (UTC)


Kampanje for årstal etterpå[endre wikiteksten]

Eg liker godt dømene og trur dei ulike formene (enten oppdeling av verka etter type eller fullstendig liste) alle kan passa godt til ulike verksamlinger. Når det gjeld standardoppsettt og årstal er eg i grunnen meir glad i forma

evt.

som eg oppfattar som meir tradisjonell for ikkje å snakka om penare enn å ha årstalet først. Tittelen på verket er då òg viktigare enn årstalet. Men eg kan leva med den førstnemnde løysinga òg dersom det er fleirtal for den. -- Ranveig 28. mar 2005 kl. 2254 (UTC)

Eg er heilt einig med deg når det gjeld kjeldelister. Når det gjeld verklister er derimot tidsaspektet vel så viktig som verktittelen — noko som viser seg i at verklister mesta alltid er sorterte etter år, og ikkje etter tittel. Ei eventuell anna sortering går vanlegvis på verkkategori.
Når fullførings- og/eller utgjevingsår er primær sorteringsnykel er det svært uoversiktleg når årstala berre står sist i oppførselen. Eg er derimot einig i at årstalet gjerne bør stå sist — òg! :-) T.d.:
eller
i motsetnad til
-- Olve 28. mar 2005 kl. 2319 (UTC)


Men praksis dei andre stadane på Wikipedia der eg har sett etter er heller den forma Ranveig gjev. Strindberg på svensk, Thomas Mann på tysk, Runeberg på finsk, Peter Høeg på dansk og George Orwell på engelsk. Som sagt synest eg det er mest naturleg å setja årstalet fyrst når det er årstala som er kriteriet sorteringa er gjort etter, men når eg glir over i å sortera etter tekstype i døme 2 og 3 over held eg likevel fast på årstal-fyrst-regelen. (Sjå til dømes Jan Erik Vold.) Dessutan er det jo som Ranveig seier tittelen som er hovudsaka, ikkje årstalet. Ein kan godt setje opp ei verkliste utan noko årstal, med berre titlane, omvendt er sjølvsagt meinigslaust.
Spørsmåla:
  • Skal årstalet stå fyrst eller sist eller ein annan stad? (Det er allereide overkjedeleg å skriva desse listene så noko håp om å få innføra ein standard der alt må skrivast tre gonger treng ein ikkje gjera seg).
  • Skal årstalet vera lenkja eller ikkje, eller er det valfritt?
  • Skal boktitlar lenkjast som regel eller ikkje?
Eller treng me kanskje ikkje noko standard for dette i det heile? Men i såfall må me også slutta å omkalfatra på verklister som ikkje føl vårt eige oppsett. Jorunn 29. mar 2005 kl. 1342 (UTC)
Ja, kanskje me kan la vera å ha ein standard ei stund, og så eventuelt laga ein dersom den eine viser seg som mykje betre enn den andre. Eg er einig med deg, verklister er noko herk (eg prøver for tida å laga ei for Agatha Christie - oi oi!), men dei er nokså nyttige. Og dét er dei anten årstalet står slik eller sånn.
Lenkjing bør skje bare dersom det er truleg at det kjem ein artikkel på enden av lenkja ein gong. Eg ser ikkje for meg at alle bøker alle forfattarar nokon gong har skrive, skal vera interessante nok til det. Dersom nokon faktisk skriv om ei bok, kan dei sjølv gå til sida om forfattaren og leggja inn lenkje der, synest eg. Men lenkjer til litteraturår kan bli bra. Det burde gå an å gjera det ganske automatisk i eit tekstprogram, slik at det ikkje blir så mykje styr. -- Ranveig 31. mar 2005 kl. 1741 (UTC)