Wikipedia-diskusjon:Wikiprosjekt Spirer

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spirer og organisering[endre wikiteksten]

Det er viktig å ta seg av spirene våre, men eg er i utgangspunktet nokså skeptisk til å legga for mykje arbeid i å organisera dei. Eg er redd for at dei lett kan forsvinna i underkategoriane sine, når meininga er at dei skal vera synlege slik at dei kan utvidast. Det skader sjølvsagt ikkje å laga meir spesifikke kategoriar, men eg trur ein viktigare spirejobb er å faktisk utvida spirene. Så vidt eg veit er eg den einaste som aktivt går inn i gamle spirekategoriar og endrer litt eller mykje på artiklane, så det kunne vore fint å fått med seg fleire. -- Ranveig 10. okt. 2005 kl. 08:30 (UTC)

Nei, du er no ikkje heilt åleine om det arbeidet, veit eg... :-) Olve 30. okt. 2005 kl. 15:42 (UTC)

Ja, kanskje hovudmålet for prosjektet burde vore å koma spirene til livs, heller enn å organisera dei. Du skal ha honnør for det. Men nokon må jo spora opp spirene for deg... :) Då eg ville laga ein ny spiremal (Mal:Anatomispire) prøvde eg å finna ein standardmal eller nokon å spørja, men fann ikkje særleg hjelp nokon stad. Eg tykte eg strevde fælt med å laga malen (kanskje helst med å finna bilete), og difor føreslo eg dette prosjektet – om ikkje anna enn som ein stad å spørja om hjelp eller råd. Men no veit eg kven eg skal gå til. :) --Eddi (Snakk) 10. okt. 2005 kl. 22:04 (UTC)

Viss du hadde spurt meg hadde eg nok heller sagt: Legg artikkelen i kategori:medisinspirer og utvid ein annan artikkel der i staden! Så det er nok betre å ha ein samlingsstad for spirespørsmål. Det finst fleire måtar å jobba på, eg ville bare gjerne at min òg skulle få vera med i prosjektet. -- Ranveig 10. okt. 2005 kl. 22:19 (UTC)
Det som fanst av medisinspirer og medisinartiklar gjaldt sjukdom og atter sjukdom, og slik sett tykte eg ikkje den aktuelle artikkelen passa inn der. Kanskje etter kvart viss det blir meir mangfald, og viss han ikkje har vakse seg større og dermed får koma blant anatomiariklane, men ikkje no. --Eddi (Snakk) 11. okt. 2005 kl. 02:39 (UTC)
Du har sjølvsagt rett, og anatomi er like mykje ein underkategori av biologi som av medisin. -- Ranveig 11. okt. 2005 kl. 10:44 (UTC)
Prosjektet er knapt ei spire sjølv, så det er fritt fram for målsetjingar. Eg synest ikkje eg har god nok greie på spirer til å setja opp noko der, men kva om du skriv eit par velvalde ord? --Eddi (Snakk) 11. okt. 2005 kl. 02:39 (UTC)

Å spira eller ikkje spira[endre wikiteksten]

Eg har litt blanda kjensler for heile spireomgrepet. Ein får ei kjensla av at spirer er noko mindreverdigt som ein bør ha dårleg samvit for at ein ikkje legg seg i selen og utbetrar.

Når eg vil leite etter noko om eitt eller anna på nettet er gjerne Wikipedia mitt førsteval, eller eg vil at det skal vere det. Dersom eg får treff på eit søkeord i nynorsk Wikipedia vert eg hoppande glad sjølv om der står berre 5 ord, fordi der nesten alltid er lenkja til andre språk der det er fylldige artikklar og eller lenkjer til relevante nettstadar. Dersom eg ikkje får treff i nn, må eg gjerne finne ut kva søkeordet heiter på engelsk og det er ofte litt tidkrevande.

Derfor meinar eg at ei av målsettingane i spireprosjektet bør vere å lage flest mogeleg spirer der vi kan lenkje til artiklar på bokmål, engelsk og andre språk. Eg trur det vil styrkje Nynorsk Wikipedia og slett ikkje gjere omdømet dårlegare. Asgeir 29. okt. 2005 kl. 16:35 (UTC)

Tja... Eg er no glad i å utvida spirer, og er nok litt redd for at om me får for mange av dei vil desse artiklane gløymast og bli verande spirer for all tid. Derfor går eg gjerne gjennom den eldste spirekategorien no og då og legg til ein setning eller meir.
Når det er sagt har du rett i at spireartiklar med gode interwikilenkjer er mykje betre enn ei raud lenkje, og støtter oppfordringa om å laga fleire spirer. Som nemnt nedanfor har me få spirer innan fysikk og landbruk, noko som tyder på at desse emna er dårleg dekka generelt. Det finst sikkert òg mange uutforska emne med få artiklar for spirekategoriar me ikkje har endå. Dei bør finnast og lagast! -- Ranveig 30. okt. 2005 kl. 12:35 (UTC)
Berre spir i veg du Asgeir! --Guttorm 30. okt. 2005 kl. 12:55 (UTC)

Dagens rapport frå spirekatoriane[endre wikiteksten]

Laga meg ein mal for Kategori:elektronikkspirer for det temaet er _tynt_ her. Prøver å skrive litt sjølv, men får forlite tid desverre... Synst spirebegrepet er ganske nyttig, men er litt redd at spirene eg lagar om emnet kanskje blir ståande ganske lenge då det truleg krev ein del jobb å lyfte ein del av emna opp eit hakk. Roger 30. okt. 2005 kl. 22:43 (UTC).