Wikipedia-diskusjon:Wikiprosjekt Språk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Språk[endre wikiteksten]

Kopiert over frå Samfunnshuset:

Det er ca. 6500 språk i verda, til saman ca. 20 språkfamiliar og ein handfull isolat. Vi treng (Dette er lause tankar, ingenting av dette er gjort):

  1. Ei liste over desse språka, ordna etter språkfamilie og undergruppe (t.d. med maksimum 2 (3?) undergruppenivå
  2. Eit skript som kan generere spirer for desse 6500 språka (X er eit språk i Y-gruppa i Z-familien).
  3. Gjerne eit såpass avansert skript at vi får generert språkskjemaet, med språknamnet, og (viss vi kan bruke info frå [1]) primært land språket blir snakka i, SIL-språkkode, og kor mange talarar det har
  4. Ein omtrentleg disposisjon, t.d. noko slikt (vi får ikkje 6500 slike artiklar, men vi kan få svært mange)
  • Infoboks
  • Innleiing som plasserer språket genetisk og geografisk.
  • Avsnitt om skriftspråk
  • Avsnitt om grammatikk
  • Avsnitt om språkhistorie
  • Avsnitt om sosiolingvistiske tilhøve
  • Avsnitt om forskingshistorie
  • Litteratur

Dei kommersiella leksikona har ein lang tradisjon for å sensurere bort all informasjon om grammatikk, så her har vi eit område der wikipedia skil seg positivt ut.

Den finske wikipediaen har ein infoboks under språkartikkelen, som gjev lenkjer til dei andre språka i same språkgrein (jf. fi:liivin kieli. Det kunne kanskje vore ein idé. Trondtr 2. jun 2005 kl. 1819 (UTC)

Ja, dette er noko me burde ha gjort for lenge sidan Trond, så takk for initiativtakinga (og til deg Olve).
Den engelske wikipediaen er størst, ser eg. Malen en:Wikipedia:WikiProject Language Template er faktisk svært god, og når han i tillegg allereie er i bruk syns eg vi bør bruke han, vi og. På sjølve prosjektsida saknar eg avsnittet som strukturerer og skildrar sjølve arbeidet, forresten. Trondtr 3. jun 2005 kl. 0704 (UTC).
Eg ser på den samiske wikipediaen se:Category:Gielat at dei har generert 118 språkartiklar med hjelp av språkmalen. Det dei ikkje har gjort er å spleise inn ISO- og SIL-kode og talarar. Den som kan gjere noko tilsvarande for oss kan stå fram, gjerne med å spleise info frå andre artiklar, men berre namnet er også ok. Eg går ut i frå at det finst eit metanivå her der det mogleg å gjere det, og altså perl. Trondtr 13. jun 2005 kl. 2018 (UTC).

Klassifisering av språkfamiliar[endre wikiteksten]

(Eg er litt usikker på om dette skal skrivast på denne diskusjonssida eller på sjølve prosjektplansida. Så lenge eg ikkje heilt veit kva eg meiner skriv eg her, så får vi føre konklusjonane over på prosjektsida.) Så til saka:

I tillegg til eitt maloppsett for kvart språk vil vi altså ha ei liste over alle språk, ordna etter språkfamilie og underfamilie. Spørsmålet er då korleis familieinndelinga er, og det er altså omstridd. For meg ser det ut til at det i striden mellom splitters og lumpers (norske namn?) er splittarane som bør ha prioritet i leksikonsamanheng: Det alle er samde om, er mange og små språkfamiliar. Alle er samde om at alle tyrkiske språk er i slekt, det det er usemje om er om dei dannar ein familie av altaiske språk, av ural-altaiske språk, av ein stor språkfamilie frå indoeuropeiske språk til eskimo-aleutiske språk, ... Dermed lagar vi oppsettet og faktaartiklane etter det alle er samde om (her: tyrkiske språk), og språkartiklar på høgare, omstridd nivå blir framstilt som akkurat det: hypoteser om språkslektskap, med referanse til argument for og imot.

Så er det korleis fininndelinga skal vere. To naturlege kandidatar er The Ethnologue ([2]) og en:List of languages. Den første fordi det er den mest omfattande basen (med best data om talet på talarar), den andre fordi det er søsterprosjektet vårt. Eg har sett på begge delar, det kan vere litt hipp som happ, så for min del kan vi godt ta oppsettet frå en:List of languages, med flat struktur, og med diskusjonen i sjølve artiklane. Trondtr 3. jun 2005 kl. 2135 (UTC).

Frå Wikipedia på engelsk[endre wikiteksten]

Eksterne kjelder[endre wikiteksten]

Malar og boksar[endre wikiteksten]

Litt har skjedd i det siste. Ranveig har laga eit teppe, for å få konsekvent merking av språkfamiliar. Ei rettleiing om bruk hadde vore bra. Eg har lagt til ei line abc = til infoboksen, for å få fram kva alfabet skriftspråket bruker. Trondtr 6. april 2006 kl. 09:29 (UTC).

I invite you to help write this article.--Kaiyr (diskusjon) 5. august 2014 kl. 17:05 (CEST)[svar]

Kart over språk[endre wikiteksten]

Jeg ville sette til din disposisjon denne kategori som inkluderer språklige kart. I denne kategorien kan du finne kart over språk fra alle kontinenter, oppfylle alle kriterier for fargeensartethet.

commons:Category:Linguistic maps of single language

Takk.