Wikipedia-diskusjon:Ynskjelista

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dette er diskusjonssida til ynskjelista vår. Her kan vi diskutere dei artiklane som står der, og alt anna som har med ynskjelista å gjere.


  • Pr.23 juli2005 er dei ordna alfabetisk, og det er under tjue artiklar om ynskjast, alle av meg. Har inga andre lagt merke til at det ikkje finst artiklar på Star Wars? Eg skreiv ein spire (omsette fyrste del av den engelske sida) i går, men likevel. Og det finst jo ingenting om japan. Då eg skreiv origamiartiklen, så eg at nesten alle lenkjene var raude!

Men det som slo meg er at inga andre bruker ynskjelista. Er det av di noko anna brukast i staden. Og i så høve, kvifor er det denne sida som det er lenkje til når ein ikkje finn ein side? Eg berre lurer. Her er i kvart fall nokre av mine ynskjer. Hinakana 23. juli 2005 kl. 18:16 (UTC)

Som du ser var den oppphavlege ynskjelista her. Det er mange, mange måtar å skrive ø/ynsk(j)eliste/a/er på! Me har brukt Wikipedia:Liste over artiklar vi bør ha ei tid, for dei veldig viktige artiklane som manglar, men den sida er blitt så lang no at me nok bør dela henne opp. Elles er det veldig bra viss me bruker denne sida, nokon kvar kan bli interesserte og inspirerte. Eg merker eg vart det, i alle fall! -- Ranveig 23. juli 2005 kl. 20:23 (UTC)

Litteratur[endre wikiteksten]

Det burde kanskje vera ein bolk som heiter litteratur? Under Kultur kanskje?

--Sigmundg (diskusjon) 22. juni 2018 kl. 15:42 (CEST)[svar]