Wikipedia:Byråkratar/utnemningar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sjå òg Wikipedia:Byråkratar

Tar opp att denne diskusjonen her. Det er minst fem brukarar med administratorrettar (av per i dag 20) som ikkje har vore aktive i lang tid. Desse fem har hatt ingen eller mindre enn ti bidrag i løpet av 2007 og så langt i 2008. Det burde kanskje vore slik at ein i slike tilfelle mistar administratorverktøya sine. Om personen kjem tilbake att kan ein jo få rettane tilbake om ein spør fint :-).

Anders tok òg opp her ein stad at kanskje vi skulle hatt ein ekstra byråkrat. Ranveig er her mykje, Olve ein del, men ikkje så mykje som tidlegare. BjarteSorensen er nesten heilt fråverande. Eg tenkte i same banar, særleg med tanke på om t.d. Ranveig og Olve reiste på ferie stamstundes. Det er vel ikkje så veldig stor aktivitet på byråkrat-fronten, men eg trur tre aktive byråkratar hadde vore ein fordel og at tida byrjar å verte moden for ein til her. --Frokor 01:47, 22 april 2008 (CEST)

Ser at svensk Wikipedia har val på administratorar (sv:Wikipedia:Administratörer#Förordnandetid för administratörer ). Kan det vere noko å vurdere her i ei eller anna form ?--Andreasv 08:28, 22 april 2008 (CEST)
Noko av det beste ved nynorsk-wikipediaen samanlikna med andre prosjekt er at det er så velsigna lite styr rundt oppnevning av administratorar - eg trur ikkje den svenske modellen er noko å satse på. Å fjerne sys.op. rettane til brukarar som ikkje er aktive skulle imidlertid vere heilt uproblematisk. Beste helsing Finn Rindahl 08:43, 22 april 2008 (CEST)

--::Eg trur me er ein så liten wikipedia, at dersom nokon set opp eit forslag og dei involverte er viljuge til å stille opp, så får me konsensusvedtak. Dersom nokon listar opp inaktive administratorar bør det ikkje ver noko problem å få gjennom at dei skal leggjast på hylla inntil dei er attende. Det bør heller ikkje vere problematisk å bytte ut BjarteSørensen med til dømes Ekko eller Frokor, om nokon av dei stiller opp som byråkrat. Hogne 08:47, 22 april 2008 (CEST)

Samd i alt, men Frokor er nok betre egna enn eg. Eg trur han har større innsikt i korleis Wikipedia-maskineriet verkar. --Ekko 08:52, 22 april 2008 (CEST)

Einig med Hogne, det bør ikkje vera noko dramatisk på ein så liten wikipedia å oppnemna ein ekstra byråkrat eller to, sidan ein veit kven har med å gjera (og ikkje minst at dei aktuelle kandidatane er så aktive). --Harald Khan Ճ 09:33, 22 april 2008 (CEST)

Byråkratane har tre ekstra verkty, eller oppgåver:
  • Tildele botflagg, etter å ha vurdert arbeidet til boten.
  • Tildele administratorrettar, etter at val er avhelde.
  • Endre brukarnamn, anten på oppmoding frå brukaren sjølv, eller på grunn av at brukarnamnet inneheld sjikane eller noko slikt. No har sams innlogging vorte delvis innførd på WikiMedia wikiane, det vil seie enno er det berre administratorane som har fått tilgong, og det har førd til litt ekstra etterspurnad etter endring av namn på brukarkontoar. Om dei no har tenkt å late alle få tilgong til sams login vil det truleg kunne gje noko auka etterspurnad etter byråkrattenester.
Brukar:Frokor er tilstades her så godt som kvar dag, og han kjenner betre til korleis Wikipedia verkar enn dei fleste. Eg trur han er akkurat den me treng til byråkrat het, viss han no berre seier seg viljug. Vonaleg vil ikkje byråkratoppgåvene verte så mange at det hefter han for mykje i arbeidt med artiklane. --Jorunn 11:29, 22 april 2008 (CEST)
Dei flest administratorane kan nok vere aktuelle som byråkrat. Om ein ønskjer at det skulle vere meg, så hadde eg nok takka ja, men om nokon andre har lyst så skal ikkje eg stå i vegen i alle fall. Det er jo berre snakk om nokre ekstra oppgåver som må gjerast innimellom. --Frokor 11:45, 22 april 2008 (CEST)
Frode har rett, ei slik utnemning er mest ein formalitet, og Jorunn har rett, Frode er ein særs god kandidat. Eg føreslår at me kjem med støtte eller motførestillingar under på ein måte ein overbyråkrat (steward) som utnemner byråkratar kan forstå. --Ranveig 12:03, 22 april 2008 (CEST)

Bør Frokor få byråkratrettar?[endre wikiteksten]

Ja Ja --Ranveig 12:03, 22 april 2008 (CEST)
Ja Ja Anders 12:06, 22 april 2008 (CEST)
Ja Ja - unødvendig å røyste, kan ikkje du, Ranveig, berre privilegiet til Frokor? Hogne 12:14, 22 april 2008 (CEST)
Jo, eg kunne visst. Mangt har endra seg sidan dei gamle dagane då dinosaurane herska på jorda, og berre ein steward kunne utnemna byråkratar. --Ranveig 12:18, 22 april 2008 (CEST)
Ja Ja Den framste mellom likemenn (og -damer). --Ekko 12:17, 22 april 2008 (CEST)
Ja Ja -- Olve 12:37, 22 april 2008 (CEST)

Byråkratkandidat1[endre wikiteksten]

Byråkratkandidat2[endre wikiteksten]