Wikipedia:Commons

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snarvegar:
WP:C

Det er ikkje naudsynt å lasta opp bilete på Wikipedia for kvart språk. Ho kan i staden leggjast på Wikimedia Commons er eit felles fillager for alle Wikimedia-prosjekta, mellom anna alle språkutgåver av Wikipedia. Dette felleslageret gjer at kvar fil kan brukast av alle prosjekt, slik at ein sparar både datalagringsplass og arbeid for kvar enkelt. På Wikimedia Commons er det berre lov å lagra filer med opphavsrett Public Domain, GNU General Public Lisens, eller Creative Commons som tillet kommersiell bruk.

Bruk av Commons[endre wikiteksten]

Når ein ynskjer å nytta ei datafil frå Wikimedia Commons i Norsk (nynorsk) Wikipedia gjer ein berre som vanleg og skriv til dømes [[Fil:namn.jpg]]. Om ikkje fila finst på nynorsk Wikipedia leitar systemet automatisk på Wikimedia Commons og hentar i staden fila derifrå.

Opplasting til Commons[endre wikiteksten]

For å lasta opp ei fil må ein ha ein brukarkonto og vera innlogga på Commons. Fila kan godt ha namn på norsk, men det er ein fordel å skildra henne på eit litt større språk i tilllegg, som engelsk. Ho må òg merkast med ein tilleten lisens. Denne kan leggjast inn ved opplasting eller etterpå, ved hjelp av ein av fleire malar.

Døme på Commons-malar[endre wikiteksten]

  • {{PD}} (Public Domain, fila er ikkje verna av opphavsretten)
  • {{GFDL}} (fila er lasta opp under GNU Free Documentation License)
  • {{cc-by}} (fila er lasta opp etter Creative Commons Attribution, det vil seia at ein fritt kan bruka fila, men må oppgje opphavsmannen)
  • {{CopyrightedFreeUse}} (fila er verna av opphavsretten, men opphavsrettshaldaren har sagt at ho likevel kan brukast fritt)

Sortering av fila på Commons[endre wikiteksten]

Ei fil bør òg leggjast inn i eit galleri, ein kategori, eller begge delar, slik at andre lett kan finna henne. Galleri finst på vanlege, Wikipedia-aktige sider. Her kan ein leggja inn filer ved å redigera sida, og bruka vanleg filvising, eller ganske enkelt leggja filnamnet (med Image: først) mellom <gallery>-taggane.

For å leggja fila i ein kategori finn du først ein eller fleire kategoriar du syns passar. Du legg så inn fila ved å skriva Category:Eksempel på skildringssida til fila.