Wikipedia:Formlære
Formlæra eller grammatikken i nynorsk er ofte meir mangslungen og/eller annleis enn grammatikken i bokmålet, slik at det som kan vera rett setningsbygnad på bokmål, kan vera rangt på nynorsk.
Varaord (pronomen)[endre wikiteksten]
Ein ålmenn regel for varaorda er at dei som regel skal stå etter ordet dei høyrer til; til dømes katten hans i staden for hans katt. Under fylgjer fleire døme:
Rangt | Rett |
---|---|
hans interesser er | interessene hans er |
hennar bil svinga av | bilen hennar svinga av |
deira plan gjekk ut på | planen deira gjekk ut på |
dykkar meining tel ikkje | meininga dykkar tel ikkje |
dei hadde sitt arbeid på staden | dei hadde arbeidet sitt på staden |
våre folk er på staden | folka våre er på staden |
Merk at det likevel er det rette å setja varaordet fyrst om ein ynskjer å leggja vekt på eigehøvet: «Deira plan gjekk ut på noko heilt anna».
St-former[endre wikiteksten]
Dei fleste st-formene (kastast, spelast, etast osb.) er berre normerte i nemneforma (infinitiv), til skilnad frå s-formene i bokmålet som i tillegg er definerte i notid (presens).[1] For å sjå om orda er i nemneform eller notidsform, kan ein freista setja inn eit anna verb som ein kjenner notidsforma på - tak setninga dei skytast på av fienden og byt ut st-forma med t.d. nemneforma tenkja og sjå om det passar. Det gjev dei tenkja på fienden, som openbert er feil. Løysinga er å skriva om setninga: dei vert/blir skotne på av fienden, dei kjem under eld frå fienden, fienden skyt på dei osb.
Merk: sume orda vert bøygde i tid, slike som å høyrast - no høyrest det, å treffast - no treffest dei. Er ein uviss på ein kan bøya ordet i tid, lyt ein slå opp i ordboka.
Fleire døme:
Rangt | Rett (døme 1) | Rett (døme 2) |
---|---|---|
søppelet kastast her | søppeleg vert/blir kasta her | ein kastar søppelet her |
landet styrast av ein monark | landet vert styrt av ein monark | lander er styrt av ein monark |
det brukast feil | det vert bruka feil | det er bruka feil |
det lyt underskrivast | det lyt verta underskrive | ein lyt underskriva/skriva under på det |
Rangt | Rett |
---|---|
det høyrast ikkje bra ut | det høyrest ikkje bra ut |
det finnast ikkje | det finst ikkje |
eg synast ikkje det | eg synest ikkje det |
Slå opp i ordboka for å finna dei fullstendige bøyingane til dei einskilde gjerningsorda. Nokre døme på st-gjerningsord som vert bøygde i tid, og bøyinga deira:
- å høyrast - høyrest - høyrdest - har høyrst
- å finnast - finst - fanst - har funnest
- å synast ('meina') - synest - syntest - har synst
- å blygjast - blygjest - blygdest - har blygst
- å betrast - betrast - betrast - har betrast
Eigehøve[endre wikiteksten]
På nynorsk nyttar ein i hovudsak s-genitiven for eigennamn (Lisas hus) og i faste vendingar (ein times tid).[2] Elles nyttar ein helst preposisjonar til å syna eigehøve:
Dårleg | Dugande |
---|---|
landets innbyggjarar | innbyggjarane i landet |
folkets rettar | rettane til/åt folket |
turens høgdepunkt | høgdepunktet på turen |
Kva er dei andres meining? | Kva meiner dei andre?/Kva er meininga til dei andre? |
Samsvarsbøying[endre wikiteksten]
Kort sagt er endingane til samsvarsbøyinga soleis: -e (inkjekjønn), -en (ho- og hankjønn), -ne (fleirtal).[3] Inkjekjønnsendinga fell saman med perfektum partisipp; slik at ein lett kan ta utgangspunkt i det: har kome (perfektum partisipp), det er kome (inkjekjønn), han/ho er komen (han- og hokjønn) og dei er komne (fleirtal). Det er då slik at med det same ein kjenner til «rota» som vert nytta i samsvarsbøyinga, kan ein lett finna den rette samsvarsbøyinga: kom + -e, -en eller -ne. Slik er det for dei fleste gjerningsorda, men det finst unnatak, til dømes finna: funne - funnen - funne.
Det er berre dei to gjerningsorda verta/bli og vera som tek samsvarsbøying. Døme:
Verbform - Verb | Inkjekjønn | Han- og hokjønn | Fleirtal |
---|---|---|---|
vera - skyta | Det kan vera skote. | Han/ho kan vera skoten. | Dei kan vera skotne. |
er - verta | Det er vorte gamalt. | Han/ho er vorten gamal. | Dei er vortne gamle. |
var - frysa | Det var frose. | Han/ho var frosen. | Dei var frosne. |
vore - be(da) | Det har vore bede. | Han/ho har vore beden. | Dei har vore bedne. |
verta/bli - gje(va) | Det kan verta gjeve. | Han/ho kan verta gjeven. | Dei kan verta gjevne. |
vert/blir - eta | Det vert ete. | Han/ho vert eten. | Dei vert etne. |
vart/blei - bera | Det vart bore. | Han/ho vart boren. | Dei vart borne. |
vorte/blitt - finna | Det har vorte funne. | Han/ho har vorte funnen. | Dei har vorte funne. |
Kjelder og bakgrunnsstoff[endre wikiteksten]
- ↑ «Verb som endar på -st» - Språkrådet
- ↑ Sida «s-genitiv» hjå Språkrådet
- ↑ Sida «Full samsvarsbøying» hjå Språkrådet.