Wikipedia:Innvendingar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Blir det rett?[endre wikiteksten]

  • Mange artiklar oppgjer ikkje kjelder, og desse kan dermed koma frå tvilsame verdsvevsider, andre, uprova wikipediaartiklar, eller berre vera noko forfattaren har funne på.
Dette er eit generelt problem innan elektronisk publisering, som kan vera for rask og lettvint. Sjå Wikipedia:Kjeldebruk for korleis me bør løysa dette problemet.
  • Ettersom redigering kan gjerast raskt og anonymt er ikkje informasjonen på Wikipedia truverdig. Brukarar kan skriva usanne småting i artiklar som kanskje ikkje blir oppdaga på vekesvis, eller nokon gong.
Dette kan sjølvsagt òg skje, og skjer, i tradisjonelle media. På Wikipedia kan dette bli retta så snart ein får auge på det, i tradisjonelle media er slike rettingar meir omstendelege.

Blir det ferdig?[endre wikiteksten]

  • Wikipedia kan ikkje kalla seg eit fullstendig oppslagsverk, det har for mange uferdige artiklar og raude lenkjer og manglar informasjon om viktige emne.
Så snart eit kunnskapsverk er utgjeve, vil det byrja å bli utdatert, derfor vil ingen slike verk nokon gong vera ferdige. Med wikikonseptet kan me oppdatera artiklar medan me byggjer prosjektet. Dugnaden har såvidt starta, og det er sjølvsagt mykje igjen å gjera. Målet vårt er å bli så nært «ferdige» som me kan bli.
Einkvar kan sjå lister over kva som er etterspurt og kva som er uferdig i Kategori:Spirer.

Blir alt dekka?[endre wikiteksten]

  • Ein dekker populære, dagsaktuelle eller omstridde emne men gløymer dei grunnleggjande.
Dette er eit problem me prøver å løysa gjennom mellom anna Wikipedia:Liste over artiklar me bør ha. Her kan alle leggja inn forslag om artiklar dei synest me treng.

Blir det nøytralt?[endre wikiteksten]

  • Wikipedia har som mål å skriva nøytrale artiklar, men er ikkje kvar skribent farga av tankane sine om nesten eit kvart emne?
Kvar og ein skriv med bakgrunn i sine eigne haldningar. Men når fleire brukarar kan gå saman og retta på og diskutera med kvarandre, er det lettare å koma fram til ein nøytral artikkel enn om berre ein skriv han.

Kva med vandalisme?[endre wikiteksten]

  • Kven som helst kan jo koma inn og laga ein tulleartikkel eller sletta god informasjon.
Det er heldigvis lett å gjenoppretta den tidlegare artikkelen dersom han blir utsett for hærverk. Nye endringar blir viste på ei liste, og vanlege brukarar kan raskt sjå dersom det er skjedd noko gale og retta på det.