Wikipedia:Interwikilenkjer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Snarveg:
WP:I

Interwikilenkjer er lenkjer til wikiar på andre språk, eller til andre wikiprosjekt. Lenkjene kan leggjast inn slik som andre lenkjer, men dersom det er ei lenkje til eit anna språk vil lenkja komme i ei eiga språkliste til venstre på wikisida. For at ei lenkje skal vera ei interwikilenkje må det vera ein eigen interwikikode først i lenkja. Kva kodar som kan brukast finn ein på Wikimedia wikiliste.

Interwikilenkjer knytter dei ulike wikipediaprosjekta saman og kan vera til hjelp i artikkelskrivinga ved å gje nye fakta, filer og synspunkt. Om ein oppretter ein ny artikkel, bør det leggjast inn minst ei lenkje til og frå eit anna språk. Då har robotar (program) ein sjanse til å plukka henne opp og overføra henne til andre artiklar.

I 2013 blei det innført eit nytt system for å laga interwikilenkjer, Wikidata.

Wikidata er eit Wikimedia-prosjekt som skal verka som ein kunnskapsbase og datasamling for andre Wikimedia-prosjekt, inkludert Wikipedia. Fyrst ute er interwikilenkjene som skal samlast på Wikidata sentralt i staden for å liggja lokalt på kvar einskilde Wikipedia.

Korleis leggja til interwiki[endre | endre wikiteksten]

Etter at ein har oppretta ein ny artikkel, vil ein i sidemergen under tittelen «På andre språk» finna ei lenkje som heiter «Legg til lenkjer». Etter å ha klikka på denne, vil det koma opp ein dialog der ein øvst kan skriva inn anten språknamnet (på sitt eige språk) eller språkkoden, og nedst namnet på sida på denne wikien. Etter å ha klikka på «Lenk til side» vil ein vonlegvis få opp ein ny dialog der ein kan stafesta at ein vil lenkja til denne sida (og dessutan eventuelt alle dei andre sidene som frå før er lenkja til henne).

Alternativt kan ein leita opp sida på den andre wikien og endra interwikien derifrå, til dømes gjennom å klikka på «Edit links» på den engelske wikipediaen. Då hamnar ein på ei Wikidata-side der ein kan leggja til ei lenkje til nynorsk nedst på sida.

Ein kan òg søkja etter «datasett frå tittel» direkte på Wikidata her. Då skriv ein nettstad (t.d. en eller enwiki for engelsk, eller no eller nowiki for bokmål) og namnet på artikkelen.