Wikipedia:Kategoriar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kategoriar samlar Wikipedia-artiklar etter tema. Det finst kategoriar som dekker vide emne på toppen og deretter stadig snevrare underkategoriar. Kva kategoriar ein artikkel høyrer til i kan du sjå nedst i artikkelen ved vanleg vising.

Du kan bruka kategoriane til å finna artiklar om liknande emne som det du les, til å leita fram noko du ikkje heilt veit namnet på, eller som ein måte å finna tilfeldige artiklar på. Ein artikkel ligg som regel i meir enn éin kategori, slik at kategorisystemet dannar eit slags nett som bind Wikipedia-kunnskapen saman.

Daglegliv Historie Kunnskap Samfunn
 
Geografi Kommunikasjon Natur Teknologi
 
Helse Kultur Skapningar