Wikipedia:Pressemeldingar/100 000 artiklar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

PRESSEMELDING FRÅ NYNORSK WIKIPEDIA
Tirsdag 9. april 2013

Nynorsk Wikipedia rundar 100 000 artiklar[endre wikiteksten]

Nynorsk Wikipedia passerte i dag 100 000 artiklar med artikkelen «ByeAlex».
Styreleiar i Wikimedia Noreg, Jon Harald Søby
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) uttalar: «Når nynorsk Wikipedia no rundar 100 000 artiklar viser det vitaliteten i det nynorske språket og at dugnaden enno står sterkt i Noreg. Vi stiller oss i rekka av gratulantar.»
Styreleiar i Wikimedia Noreg, Jon Harald Søby, gratulere bidragsytarane til Wikipedia på nynorsk med å runde 100 000 artiklar. Han skriv at dette er ein milestein ikkje berre for Wikipedia i Noreg, men òg for utbreiinga og bruken av nynorsk på verdsveven i det heile.
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag skriv: «Oppslagsverk er språket sine grunnmurar. Tilgjengeleg kunnskap på eige språk er avgjerande for å halde på språket. Nynorsk Wikipedia gjer det lettare å vere nynorskbrukar. På vegner av unge og eldre, elevar og nyfikne, skrivande og søkjande: Hundre tusen takk!»
Nynorsk Wikipedia er den største nynorske tekstprodusenten på nett, og den 45. største Wikipedia-utgåva blant alle språka leksikonet blir laga på.[1] Kvar månad er det meir enn 8 millionar oppslag mot Nynorsk Wikipedia, og det er verdt å merke seg at det er meir enn dobbelt så mange oppslag mot Nynorsk Wikipedia som mot Islandsk.[2]
Sidan skipinga i juli 2004, har Nynorsk Wikipedia vakse seg til ein velbrukt nynorsk nettstad som driv allmennopplysing. Oppslagsverket er dermed i ferd med å oppfylla Soria Moria-lovnaden frå 2005 om eit nynorsk nettleksikon, berre takk vere frivillige bidrag og gåver. -- Når nynorsk Wikipedia no rundar 100 000 artiklar viser det vitaliteten i det nynorske språket og at dugnaden enno står sterkt i Noreg. Vi stiller oss i rekka av gratulantar, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen
Etter at nynorskrettskrivinga av 2012 tredde i kraft, har Nynorsk Wikipedia oppdatert dei eldre artiklane til den gjeldande rettskrivinga. Nettleksikonet vil på denne måten vera eit nyttig verktøy også for å læra seg den nye rettskrivinga. Nynorsk Wikipedia markerer dessutan språkåret med å lenkje til eit nytt språk på framsida kvar dag i 2013.
Nynorsk Wikipedia har for det meste god kvalitet, og det er ei rekkje akademikarar, ingeniørar og andre fagpersonar som skriv artiklar. Nynorsk Wikipedia er truleg det beste verket om meteorologi og jordbruksmaskiner på norsk. Det er likevel mykje som gjenstår før Nynorsk Wikipedia kan nå opp til dei krava lesarane set. Til dømes bør helsefagleg personell kvalitetssikre artiklar på nettleksikonet sidan nokre av dei mest lesne artiklane er relatert til anatomi og sjukdomar.
Wikimedia Noreg er ein organisasjon som støttar Wikipedia-arbeid i Noreg. I desse dagar er dei i ferd med å tilsetje to medarbeidarar, med støtte frå Wikimedia Fundation i USA. Dette vil på sikt gjere organisasjonen i stand til å utføre prosjekt for å betre kvaliteten på nettleksikonet.
Nynorsk Wikipedia vurderer også å be om løyvingar frå styresmaktene i Noreg for å gjennomføre slike prosjekt.
Nynorsk Wikipedia kan kontaktast på nettsida http://nn.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Samfunnshuset eller på twitter: https://twitter.com/NNWikipedia.
Fotnotar