Wikipedia:Pressemeldingar/30 000 artiklar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

PRESSEMELDING FRÅ NYNORSK WIKIPEDIA

Nynorsk Wikipedia når 30 000 artiklar[endre wikiteksten]

Nynorsk Wikipedia med 30 000 artiklar

Den nynorske utgåva av det frie nettoppslagsverket Wikipedia fekk onsdag 13. februar 2008 nummer 30 000 med «Gunnar Berg» skriven av Olve Utne. Utne var ein av dei som stod bak opprettinga av nynorskutgåva for rundt tre og eit halvt år sidan. Nynorsk Wikipedia nådde milestolpen 30 000 kort tid etter at Wikipedia på bokmål og riksmål, fekk 150 000 artiklar den 30. januar.

Nynorsk Wikipedia vart grunnlagd 31. juli 2004. For at eit skriftspråk som nynorsk skal halde fram med å vere levande i samfunnet i dag, må det òg kunne nyttast innan informasjonsteknologien. Det er framleis få nettressursar på nynorsk, og Nynorsk Wikipedia er difor eit viktig tilskot og ein god møtestad for nynorskbrukarar. Han har akkurat no 135 311 registrerte brukarar, og fleire kjem til heile tida.

Blant skribentane er alle aldersgrupper representerte, mange ulike fagfelt og universitets- og høgskulegrader, frå størsteparten av Noreg og frå fleire andre land. Nynorskbrukarar frå India og Tyskland og nordmenn i Storbritannia, Sveits, USA og Australia har vore med på å skape det til no einaste nettleksikonet på nynorsk.

Kva er Wikipedia?[endre wikiteksten]

Wikipedia er eit oppslagsverk skrive av frivillige og gjeve ut under ein fri lisens (GNU Free Documentation License), slik at innhaldet fritt kan lesast, endrast på og kopierast. Wikipedia sitt mål er at all menneskeleg kunnskap skal vere gratis og fritt tilgjengeleg for alle, utan reklame og på alle språk.

På mange område skil Wikipedia seg frå andre leksika. I og med at at Wikipedia ikkje har grenser for plass, er det heller ikkje grenser for kor mykje ein kan skrive om eit tema, og resultatet av dette vert i mange tilfelle svært grundige artiklar på nynorsk. Døme på dette kan ein mellom anna sjå på Wikipedia:Gode artiklar. Desse har vore gjennom ein røysteprosess og etter å ha fått fleirtal vorte trekte fram som svært gode.

Som nemnt kan kven som helst, når som helst, opprette eller endre på sidene på Wikipedia. Både registrerte og anonyme brukarar kan bidra. Wikipedia er likevel ikkje noko anarki, og endringane som kjem vert fortløpande kontrollerte og faktasjekka av andre bidragsytarar og administratorane. Dette sikrar at useriøse bidrag i dei fleste tilfelle raskt vert tilbakestilte. I tillegg har det i det siste vorte fokusert meir og meir på bruk av kjelder og fotnotar i artiklane på Nynorsk Wikipedia. Dette fører til at ein både lettare og raskare sjølv kan kontrollere fakta som vert presenterte i artiklane mot andre kjelder.

Prosjektet vart grunnlagt av Jimbo Wales i 2001, og vert drive av den ideelle stiftinga Wikimedia Foundation i USA. I dag finst det Wikipedia-utgåver på meir enn 200 språk, med til saman nærare 10 millionar artiklar.

Pressekontaktane kan vere til hjelp med meir informasjon:

Meir informasjon[endre wikiteksten]

Denne pressemeldinga er lisensiert som offentleg eigedom (public domain) og kan brukast og attgjevast fritt.