Wikipedia:Spørsmål og svar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Snarveg:
WP:SOS
WP:OSS
WP:FAQ

Spørsmål og Svar (SoS) om Wikipedia. Still gjerne fleire spørsmål på diskusjonssida til artikkelen.


Deltaking[endre | endre wikiteksten]

Kan eg vera med?[endre | endre wikiteksten]

Ja, alle er hjarteleg velkomne til å vera med. Sjå Wikipedia:Velkommen til Wikipedia for hjelp til å koma i gang.

Må eg registrera meg?[endre | endre wikiteksten]

Du kan registrere deg, eller du kan redigera sider anonymt. Om ein registrerer seg får ein tilgjenge til fleire funksjonar, som opplasting av bilete. Registreringa er gratis, anonym og tek berre nokre sekund.

Korleis kan eg snakka med andre brukarar?[endre | endre wikiteksten]

Dersom du vil ha tak i ein enkelt brukar, gå til brukardiskusjonen deira og legg igjen ei melding. Neste gong dei loggar seg på Wikipedia, vil dei kunne sjå at dei har fått ei ny melding. Er det ein enkelt artikkel det gjeld, kan du òg leggja inn ei melding på diskusjonssida til artikkelen. Sjå elles Wikipedia:Samfunnshuset.
Du kan signera innlegga dine automatisk med ~~~~, som gjer at brukarnamn med lenkje og tidspunkt blir viste. Sjå Wikipedia:Korleis nytta diskusjonssidene.

Artiklar[endre | endre wikiteksten]

Korleis kan eg laga nye artiklar?[endre | endre wikiteksten]

Ved å følga ein raud peikar eller søka etter eit artikkelnamn som ikkje finst kan du lett oppretta ei ny side. Skriv tekst inn i det opne feltet og trykk "lagre". Meir på Hjelp:Byrja ei ny side.

Korleis endrar eg ein artikkel?[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste artiklar kan endrast. Trykk der det står "endre" like over artikkelen, eller ved overskrifta til delen du vil endre, og du får fram ein redigeringsboks.

Korleis flytter eg ein artikkel?[endre | endre wikiteksten]

Til venstre for søkjeboksen er det ei pil som peikar nedover. Eit flytteval skal vera tilgjengeleg på denne menyen.

Korleis formaterer eg?[endre | endre wikiteksten]

For å utheva, kursivera og lenka tekst, kan du merka teksten du vil formatera og trykka på ein av knappane over redigeringsboksen. Desse knappane kan også nyttast til å setja inn bilde og anna. Sjå Hjelp:Endra ei side.

Korleis lagar eg tabellar?[endre | endre wikiteksten]

Sjå Wikipedia:Tabellar.

Kategoriar[endre | endre wikiteksten]

Kva er kategoriar?[endre | endre wikiteksten]

Kategoriar er ein måte å samla artiklar på som har likt tema. Det finst vide kategoriar på toppen og snevrare kategoriar lenger nede. Kva kategoriar ein artikkel høyrer til i ser du nedst i artikkelen.

Korleis kan eg endra kategorisidene?[endre | endre wikiteksten]

Du kan redigera kategorisidene på same måte som ein vanleg artikkel, til dømes kan du leggja dei inn i ein overkategori ved å skriva [[kategori:daglegliv]]. Artiklar og underartiklar kjem derimot fram i kategorien fordi dei er lagde inn på same måte – du må endra kvar av dei for å flytta dei frå kategorien.

For meir sjå Wikipedia:Kategoriar.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Korleis kan eg setja inn bilete?[endre | endre wikiteksten]

For å setja inn eit bilete som allereie ligg inne på nynorsk wikipedia eller på Wikimedia Commons, skriv [[Fil:filnamn.filetternamn]]. Du kan endra utsjånaden og storleiken til biletet på ulike måtar, sjå Hjelp:Visa bilete.
For å lasta opp bilete og andre filer, sjå Hjelp:Lasta opp filer.

Sletta artiklar[endre | endre wikiteksten]

Kva artiklar blir sletta?[endre | endre wikiteksten]

Artiklar som ikkje høyrer til i eit oppslagsverk, som reklame, oppdikta informasjon, eller rett og slett tull. Ofte er det mogleg å skriva artikkelen om slik at han vert sakleg og informerande, og då er det ikkje naudsynt å sletta han. Tomme kategoriar og artiklar høyrer òg som regel til i papirbøtta.

Korleis kan ein sletta artiklar?[endre | endre wikiteksten]

Gå til Wikipedia:Sletting og list artikkelen der med grunnen til at han bør slettast. Legg artikkelen på Wikipedia:Snøggsletting dersom det ikkje er nokon tvil om at han bør slettast.