Wikipedia:Utvald artikkel/2012

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utvald artikkel Kandidatar Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024

Diskusjonar: 200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024



I dag er det fredag, 19. april 2024Oppdater sida


Veke 1
22. august 1913 heva ekspedisjonen leia av Boris Vilkitsij det russiske flagget på det dei trudde var ei enkelt øy. Det nye landet fekk namnet Keisar Nikolaj II Land

Severnaja Zemlja er ei øygruppe i Arktis og Russland ved 79°30′ nord og 97°19′ aust. Ho ligg nord for Tajmyrhalvøya i Sibir på andre sida av Vilkitskijsundet. Øygruppa ligg mellom to randhav i Nordishavet, Karahavet i vest og Laptevhavet i aust.

Severnaja Zemlja vart først oppdaga i 1913 og først kartlagd i 1933. Ho er dermed den siste øygruppa som vart oppdaga på Jorda. Administrativt høyrer ho til Krasnojarsk kraj, men bortsett frå ein polarbase er ho ikkje busett.

Severnaja Zemlja består av fire store øyar - Oktoberrevolusjonøya, Bolsjevikøya, Komsomoletsøya og Pionerøya, i tillegg til rundt 70 mindre øyar. Dei utgjer eit totalt areal på 37 000 km². Oktoberrevolusjonøya er den største øya i Severnaja Zelmja. Arealet er estimert til 14 170 km², noko som gjer ho til den 56. største øya i verda. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 2
Andlet som har flatene fordelt etter det gylne snittet vert rekna av det breie publikummet som meir tiltalande.

Det gylne snittet vil seie deling av ei linje eller ei flate i to delar slik at den minste delen står i høve til den største som denne til heile linja eller flata.

Uttrykt som φ (phi) tilsvarar dette eit irrasjonalt tal med verdi

Ein kan finne dette delingsforholdet igjen mange stader i naturen, og spesielt på menneskekroppen. Tilhøvet mellom lengda frå skuldra til fingertuppane og lengda frå olbogen til fingertuppane, knokane på handa og lengda på beina i tilhøve til lengda frå kneet til tærne er nokre døme. Det er òg eit viktig visuelt verkemiddel innan kunst. Det gylne snittet var kjent blant dei gamle grekarane. Det vart mykje brukt i renessansen, særleg innan arkitektur. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 3
Slaget ved La Hogue, (1692) av Adriaen van Diest. Den siste handlinga i slaget - dei franske skipa sett i brann i La Hogue.

Niårskrigen (1688–1697) var ein storkrig mellom kong Ludvig XIV av Frankrike og ein brei europeisk koalisjon leia av den engelsk-nederlandske statthaldar-kongen Vilhelm III, den tysk-romerske keisaren Leopold I, kong Karl II av Spania, Victor Amadeus II av Savoie, og store og mindre fyrstar og prinsar i Det tysk-romerske riket. Niårskrigen vart hovudsakleg utkjempa på det europeiske fastlandet og farvatna kring, men omfatta òg ein krigsskodeplass i Irland, der Vilhelm III og Jakob II kjempa om kontroll over Dei britiske øyane, og eit mindre felttog mellom franske og engelske nybyggjarar og deira indianske allierte i koloniane i Nord-Amerika. Krigen var den andre av tre store krigar for Ludvig XIV.

Krigen enda med freden i Ryswick der Ludvig XIV respekterte Vilhelm III av Oranien som konge av England, Skottland og Irland. Mellom landendringane som fann stad var at Frankrike fekk attende Alsace og gav frå seg Freiburg, Breisach og Philippsburg til Det tysk-romerske riket og Spania fekk attende Catalonia frå Frankrike. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 4
Jim Morrison er blitt eit ikon etter tida i the Doors

The Doors var eit amerikansk rockeband starta i 1965 i Los Angeles med Jim Morrison, Ray Manzarek, John Densmore og Robby Krieger. Dei var av dei mest kontroversielle banda i 1960-åra på grunn av dei ville, poetiske tekstane til Morrison og den karismatiske, men ureknelege scenepersonlegdomen hans. Jim Morrison døydde i 1971 og bandet vart oppløyst for godt i 1973.

The Doors er framleis populære. Bandet har seld over 90 millionar album på verdsbasis. Manzarek og Krieger spelar framleis i lag, og spelar berre songar av The Doors. Grava til Morrison i Paris blir vitja av store mengder tilhengjarar og turistar. Tre av studioalbuma til bandet, The Doors (1967), L.A. Woman (1971) og Strange Days (1967), ligg på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 5
Hinduisk mantra på sanskrit skriven med devanagariskrift.

Dei indoariske språka er ei undergruppe av dei indoiranske språka (og dermed også av dei indoeuropeiske språka) og blir snakka nord i India, og også i Pakistan, Bangladesh, Nepal, Sri Lanka og på Maldivane, i tillegg til i land som har fått innvandrarar frå desse landa. Dei indoariske språka blir snakka av om lag ein milliard menneske. Blant dei viktigaste indoariske språka er hindi, det nærskylde urdu, bengali, andre indiske språk, og det klassiske språket sanskrit.

Dei indoariske språka er ikkje i slekt med dei dravidiske språka, som blir talte i sørlege India, men gjennom langvarig språkkontakt har dei utvikla mange fellestrekk. På grunn av mange folkevandringar og den gjensidige språkkontakta i området, har inndelinga av dei indoariske språka i genetiske undergrupper, og det å setje skilje mellom dei einskilde språka og dialektane, bode på problem.

Dei indoariske språka er i stor grad analytiske. Den grunnleggjande ordrekkefølgja i alle språka er subjekt–objekt–verb. Det mest karakteristiske draget fonologisk sett er det store talet plosivar. Fleire av dagens indoariske språk nyttar ei rekkje ord som er lånt inn direkte frå sanskrit. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 6
Den anglikanske katedralen vart bygd ferdig i 1904, og har seinare vore eit midtpunkt i byen. Foto frå 2006, tårnet vart øydelagt under jordskjelvet i 2011.

Christchurch er den største byen på SørøyaNew Zealand, og det nest største urbane området i landet.

Christchurch har ein plass i soga om utforskinga av Antarktis – både Scott og Shackleton brukte hamna i Lyttelton som ein utgangsstad for ekspedisjonane sine. Christchurch International Airport gjer teneste som hovudbase for dei italienske og amerikanske antarktisprogramma så vel som det newzealandske programmet.

Jordskjelv har ramma Christchurch fleire gongar. Eit skjelv i 2011 drap 182 menneske og førte til store skadar i byen. Det la mellom anna la tårnet på den anglikanske domkyrkja frå 1800-talet i ruinar. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 7
Snøsporv, Plectrophenax nivalis - Hannfugl i vinterdrakt

Sporvefuglar er ein orden av fuglar. Han er utbreidd over heile verda med artar fordelt på tre underordenar, Acanthisitti, Tyranni og Passeri.

Dette er den største fugleordenen og omfattar meir enn halvparten av alle verdas fugleartar. Ordenen sporvefuglar inneheld over 115 familiar. I Noreg hekkar ca. 100 artar. Omtrent 35 andre er observerte.

Jamt over er sporvefuglar mindre enn typiske medlemmer av andre fugleordenar. Dei tyngste og alt i alt største sporvefuglane med vekt på over 1,5 kg og lengd over 70 cm er tjukknebbramn samt dei større underartane av ramn.

Ein trur no at dei første sporvefuglane utvikla seg for omkring 60-55 millionar år sidan. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 8
Nikita Khrusjtsjov i Wien i 1961.

Nikita Khrusjtsjov (1894-1971) var leiar i Sovjetunionen under den kalde krigen. Han var fyrstesekretær i Det sovjetiske kommunistpartiet frå 1953 til 1964. Khrusjtsjov var ansvarleg for den delvise avstaliniseringa av Sovjetunionen, for å følgje opp framgangen i det tidlege romprogrammet, og for fleire relativt liberale reformer i innanrikspolitikken i landet. Partikollegaene til Khrusjtsjov fjerna han frå makta i 1964, og erstatta han med Leonid Brezjnev.

Khrusjtsjov var politisk kommissær under den russiske borgarkrigen. Han støtta utreinskinga til Stalin, og godkjende tusenvis av arrestasjonar. Under det som i Sovjetunionen var kjent som «den store fedrelandskrigen» (den andre verdskrigen), tente Khrusjtsjov som mellommann mellom Stalin og generalane. Han var med i det blodige slaget om Stalingrad. Etter krigen styrte han Ukraina, før han vart kalla tilbake til Sovjetunionen og vart ein av dei nære rådgjevarane til Stalin.

Dei politiske arvingane til Stalin slåst om makta etter at han døydde i 1953, og Khrusjtsjov gjekk, etter fleire år, sigrande ut av kampen i 1956. Khrusjtsjov håpa etter kvart på å kunne stole på rakettar når det gjaldt forsvar av landet, og gav difor ordrar om kutt i vanlege militære styrkar. Trass i kutta var perioden under Khrusjtsjov den mest spente i den kalde krigen, og krigen nådde høgdepunktet sitt med Cubakrisa. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 9
Det danske Dannebrog er eit av dei eldste flagga i verda, og er vorte brukt sidan slutten av 1300-talet.

Danmark er eit land i Nord-Europa. Geografisk utgjer Danmark ei stor halvøy, Jylland, og ei rekkje øyar, der Sjælland, Fyn, Lolland, Falster og Bornholm er dei mest kjende. Kongeriket Danmark femner saman med sjølve Danmark bilanda Grønland og Færøyane. Landet vert delt inn i fem regionar og 98 kommunar. Danmark har vore medlem av FN og NATO siden opprettinga og av EU sidan 1973, men er ikkje ein del av eurosona. Sidan 2011 har Helle Thorning-Schmidt (Soc.) vore statsminister i Danmark.

Nasjonalspråket dansk er i stor grad innbyrdes lettfatteleg med norsk og svensk, og har sterke historiske og kulturelle band til dei andre nordiske språka. Dansk utgjer mange dialektar. Desse var i grove trekk ferdig utvikla på 1300-talet, og dansken nådde si maksimale dialektspalting kring år 1700. Sidan den gongen har dialektane vore på stadig tilbaketog, og no pratar berre 5 % av danskane dialekt. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 10
Skisse av Alice Munro

Alice Munro (fødd 1931) er ein prisløna kanadisk novelleforfattar, og rekna som ein av dei fremste forfattarane i verda i denne sjangeren. Forteljingane hennar dreier seg om tilhøve mellom menneske sett i eit daglegdags perspektiv. Medan dei fleste av forteljingane hennar finn stad i sørvestre Ontario, har ho eit internasjonalt ry som novellist.

Alice byrja å skriva som tenåring, og gav ut den første novella si, «The Dimensions of a Shadow», i 1950, medan ho studerte ved universitetet. Eit hyppig tema i arbeida hennar har vore dei vanskane ei kvinne står overfor når ho veks opp og skal koma overeins med familien sin og den vesle staden ho har vakse opp i. Munro sitt knappe og klåre språk og meistringa hennar av detaljar tilfører diktinga «ein uvanleg presisjon». Munro vert ofte samanlikna med dei store novellistane. Den amerikanske forfattaren Cynthia Ozick, har til dømes kalla Munro «vår tids Tsjekhov». Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 11
Øydeleggingane under krigen var så store at folkesetnaden i dei tyske statane vart redusert med mellom 25 % og 40 %. Somme regionar vart langt hardare råka enn andre. Til dømes mista Württemberg tre fjerdedelar av folkesetnaden sin under krigen. Biletet er av ei teking av Hans Ulrich Franck i 1643.

Trettiårskrigen (1618–1648) vart utkjempa hovudsakleg i det som i dag er Tyskland, og til forskjellige tider omfatta krigen nesten alle landa i Europa. Det var ein av dei mest øydeleggjande krigane i europeisk historie.

Opphavet til krigen og målet til deltakarane var kompliserte, og ein kan ikkje peike ut ei enkelt årsak til krigen. Opphavleg vart krigen kjempa som ein religionskrig mellom protestantar og katolikkar i Det tysk-romerske riket, men maktbalansen innafor riket spelte òg ei stor rolle. Gradvis utvikla krigen seg meir til ein generell konflikt som omfatta dei fleste statane i Europa.

Heile regionar vart lagt i grus under trettiårskrigen av dei vandrande soldatane (bellum se ipsum alet). Trettiårskrigen enda med avtalar i Osnabrück og Münster, delar av den større freden i Westfalen. les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 12
Vulkanutbrot ved Rinjani i 1994.

Ein vulkan er ei opning eller sprekk i jordoverflata eller jordskorpa som gjer at varm, smelta stein, oske og gassar slepp ut frå under overflata. Vulkansk aktivitet der stein vert kasta ut formar ofte fjell eller fjelliknande trekk over ein lengre periode.

Vulkanar finn ein vanlegvis der jordskorpeplater dreg frå kvarandre eller møter kvarandre. Ein midthavsrygg, til dømes Den midtatlantiske ryggen, kan ha vulkanar som vert skapte av jordskorpeplater som dreg frå kvarandre. Eldringen i Stillehavet er døme på vulkanar skapte av møtande plater. Vulkanar kan dannast av mantelplummar. Desse såkalla heiteflekkane, til dømes ved Hawaii, kan dannast langt frå plategrensene. Heiteflekkvulkanar finn ein òg andre stader i solsystemet, særleg på steinplanater og månar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 13
Heavy Metal symbol

Heavy metal er ein sjanger innan rocken som utvikla seg seint på 1960- og 1970-talet, stort sett i England og USA. Med røter i bluesrock og psykedelisk rock utvikla dei første heavy metal-banda ein tjukk, og massiv lyd med forsterka og forvrengd gitar, lange gitarsoloar og kraftig rytme. Heavy metal vert ofte rekna som den mest ekstreme i form av lydstyrke, manndom og teatralske opptrede.

Tidlege heavy metal-band som Led Zeppelin, Black Sabbath og Deep Purple trekte til seg store publikum, men fekk ofte dårleg kritikk, noko som ofte har gått igjen i sjangeren opp gjennom åra. På midten av 1970-talet fjerna Judas Priest seg bort frå blues-innverknaden i musikken og var med på å ta sjangeren vidare. Motörhead innførte ei punkrock-kjensle med raskare tempo i musikken. Mot slutten av tiåret hadde heavy metal-sjangeren vorte populær verda over med tilhengarar som vart kalla «metalheads» eller «headbangarar». Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 14
Krossfestinga, 1800-tals oljemaleri frå Chapel Nosso Senhor dos Passos , Porto Alegre, Brasil

Jesu sju ord på krossen er i kristen tradisjon ei samansetjing av sju utsegner som Jesus i følgje evangelietekstane i Det nye testamentet sa medan han hang på krossen.

Orda står ikkje i samanheng i evangelietekstane, og dei er henta frå alle dei fire evangelia. Matteusevangeliet har ei utsegn frå krossen, den same er med i Markusevangeliet. Lukasevangeliet har tre andre ytringar, og Johannesevangeliet atter tre andre. Rekkjefølgja på Jesu sju siste ord varierer noko i ulike tradisjonar. Her er dei nummerert i samsvar med dansk-norsk tradisjon.

Orda har vore ein inspirasjon for mange meditasjonar og preiker for langfredagen. Det har òg vore skrive salmar og komponert musikkverk over dei sju orda. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 15
Stork, Ciconia ciconia, trekkjer gjennom smale trekkruter til Afrika.

Fugletrekk er vandringar fuglane gjer etter tre hovudtypar av trekkmønstre: spreiing, nomadisme og den vanlege sesongmessige vandringa mellom hekkeområdet og vinterkvarteret. Fugleartar som i regelen gjer sesongmessige trekk nemner ein flyttfugl eller trekkfugl. Fugletrekk oppstår som respons til endringar i fødetilgang, habitat, vêr eller dagslengd. Fuglar som ikkje trekkjer er kalla standfuglar, og kan seiast å vere motsetnaden til trekkfuglar.

Raudnebbterner kan trekkje over 80 000 km. Det er det lengste fugletrekket som har vore registrert. Omtrent 1800 av verdas 10 000 fugleartar er langdistanseflyttfuglar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 16
På ei gravering av kong Nebukadnessar II, står dei ei innskift på akkadisk. Kileskrift vart nytta.

Akkadisk er eit utdødd austsemittisk språk som var sterkt påverka av sumerisk. Akkadisk er ei fellesnemning på tre dialektar som er i nær slekt – gammalakkadisk, babylonsk og assyrisk. Det blei bruka i perioden frå omkring 2500 f.Kr. til det fyrste århundret etter Kristus i Mesopotamia og i dagens Syria. Dei siste århundra av levetida til språket blei det i stor grad utkonkurrert av arameisk, og blei til slutt bare bruka som skrift- og lærdomsspråk. Språknamnet er avleidd frå namnet på byen Akkad. Akkadisk var folkespråk og embetsspråk i Mesopotamia og i ein periode språket for internasjonal korrespondanse i Midtausten og Egypt. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 17
Taksvaler

Taksvale er ein liten trekkfugl i svalefamilien som hekkar i Europa, Nord-Afrika og tempererte Asia, og overvintrar i Afrika sør for Sahara og i tropisk Asia. Taksvala lever av insekt fanga i flukt, og dei migrerer til klima der det er flust med flygande insekt. Fuglen har svart hovud og svart overside med blå glans, svarte venger og hale. Den kvite overgumpen og kvite undersida er det berre taksvala som har av dei norske svaleartene. Ho finst både i opne landskap og nær menneskeleg ferdsel. Taksvala liknar to andre svaleartar i Delichon-slekta, som begge er endemiske til austlege og sørlege Asia.

Taksvala byggjer eit lukka koppforma reir av gjørmepelletar under takskjegg eller på liknande stader på bygningar, vanlegvis i koloniar, nokre gonger vert gjødsling under slike reir eit problem. Til vanleg aksepterer dei fleste menneske å ha taksvaler i nærleiken. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 18
Den eldre Kristian IV måla av Karel van Mander

Kristian Kvart (1577-1648) var konge av Danmark-Noreg frå 1588 til 1648. Han førte i 1625 Danmark inn i den tyske religionskrigen, Trettiårskrigen, ei handling som endte med fiasko. Torstenson-krigen i 1643 endte med at Sverige fekk Jämtland, Härjedalen og Gotland.

Kristian IV er likevel rekna som ein av dei mest framifrå kongar i Danmark-Noreg. Han grunnla byane Christianshavn ved København, Christianstad i Skåne og Christianopel i Blekinge, Lykstad (Glückstadt) i Holstein, Christianssand og Konningsberg i Noreg. Då Oslo brann, flytta han byen nærare Akershus festning og i 1624 fekk Oslo namnet Christiania. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 19
Jefferson Airplane

Jefferson Airplane var eit amerikansk rockeband skipa i San Francisco i 1965. Dei var pionerar innan psykedelisk rock, og var det første bandet frå San Francisco-miljøet som slo igjennom og fekk kommersiell suksess.

Bandet spelte på alle dei tre kjende amerikanske rockefestivalane i 1960-åra, Monterey (1967), Woodstock (1969) og Altamont (1969), i tillegg til at at dei var eit av hovudbanda på den første Isle of Wight-festivalen. Innspelingane deira vart internasjonalt kjende, og dei fekk to hittar på Topp 10-lista i USA og fleire album inn på Topp 20-lista. Albumet Surrealistic Pillow frå 1967 vert rekna som ei av dei viktigaste innspelingane i den såkalla Summer of Love, og gjorde at gruppa vart internasjonalt kjend. To hittar frå albumet, «Somebody to Love» og «White Rabbit», er begge oppførte på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. Jefferson Airplane vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1996. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 20
Norske målgreiner.

Norske dialektar er målføre som høyrer inn under norsk. Ein kjenner til ulike dialektar i Noreg frå yngre norrøn tid (ca. 1050–ca. 1350), og dei ulike dialektane følgjer ofte tradisjonelle administrative grenser. Det finst ulike inndelingar av dialektane. Det er vanleg å skilja mellom aust- og vestnorske dialektar. I tillegg kan ein skilja ut nordnorsk og i nokre høve trøndersk som eigne grupper.

Norsk skil seg ut frå grannespråka svensk og dansk og mange andre språk i og med at det ikkje finst noko normert talemål. Det finst ikkje nokon standard for korrekt talemål, og dei fleste nyttar sine eigne dialektar. Sjå likevel standard austnorsk. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 21
Asger Jorn fotografert i 1963.

Asger Jorn (3. mars 1914-1. mai 1973) var ein dansk biletkunstnar og forfattar. Han var medlem av den internasjonale kunstnargruppa COBRA og ein av grunnleggjarane av den Situasjonistiske Internasjonale i 1957.

Måleriet Stalingrad av Jorn er teke med i den danske kulturkanonen. Måleriet heng saman med mange verk av Jorn, som biletteppet Den lange rejse, på Museum Jorn i Silkeborg. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 22
Norwich katadralen bygd frå 1096 til 1145

Norwich er ein by ved elva Wensum i Aust-England. Byen er administrasjonsbyen i grevskapet Norfolk, og utgjer eit eige distrikt. Byen har 135 100 innbyggjarar (2010).

I 1066normannarane invaderte England, var Norwich den største byen i England, etter London. Rikdomen som finansierte bygginga av mange vene kyrkjer, kom frå ullhandel opp gjennom mellomalderen. Norwich har fleire mellomalderkyrkjer enn nokon annan by i Vest-Europa nord for Alpane. Næringslivet i Norwich var før hovudsakleg industri og skoproduksjon. Dette endra seg i åtti- og nittiåra til sørvisbasert næringsliv. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 23
Handvask er ei enkel, men effektiv form for hygiene

Hygiene er eit ord som eigentleg står for helsesam livsførsel. Det kjem frå det greske ordet hygieiná (helse) og heng i hop med ordet hygieía (sund, helsesam). Hygiéia var den greske gudinna for helse og reinsemd.

Tankar om hygiene og hygieniske levereglar har lange tradisjonar hjå ulike folk. I Egypt fanst det så tidleg som for 2500 år sidan nedskrivne reglar for reinhald.

I dag er hygiene ein vitskap, og viktige bidrag til denne har kome frå Max von Pettenkofer, Robert Koch, Ignaz Semmelweiss, Joseph Lister og Florence Nightingale Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 24
Dei fire tonane i standard mandarin. Tala frå 1 til 5 representerer ulike tonehøgder, med 1 som den lågaste og 5 den høgaste.

Tonespråk er språk der informasjon om tone er ein del av den leksikalske representasjonen ved i det minste nokre leksem eller realiseringa av i det minste nokre grammatiske trekk. Det blant anna skandinaviske fenomenet tonelag minnar om tone, men skil seg frå tone ved berre å vere realisert i trykksterke stavingar, der tone blir realisert både i trykksterk og trykksvak posisjon.

Mandarin er eit døme på tonespråk, og språket har fire ulike leksikalske tonar. Orda for «mor», «hamp», «hest» og «skjenne» er etter pinyin-transkripsjon , , og . Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 25
Venleiken til «Lekamøya» trollbatt «Hestmannen» og fekk han til å brenne av elskovshug. Og solnedgangen minner framleis om det.

Hålogaland er eit historisk landskap i Noreg. Fram til mellomalderen var Hålogaland namnet på eit landskap nord for Namdalen og vest for Finnmark. I tida før innføringa av kristendomen i Noreg, var Hålogaland eit sjølvstendig småkongedøme i dei noverande fylka Nordland og Troms, nord for Namdalen i Nord-Trøndelag og sør for Lyngen i Troms.

Namnet er også brukt i moderne tid, til institusjonar som Hålogaland Teater, bispedøma Nord-Hålogaland og Sør-Hålogaland, Midtre Hålogaland politidistrikt og Hålogaland lagmannsrett, som omfattar Nordland, Troms og Finnmark i tillegg til Svalbard og Jan Mayen. Ei endra utgåve av Hålogaland-namnet lever også vidare som regionsnamn for sørdelen av Nordland fylke, Helgeland. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 26
«Svanen» til høgre og «Ægget» til venstre Foto: Lars Plougmann

Arne Jacobsen (1902 - 1971) var ein dansk arkitekt og formgjevar som var med og innførte modernismen i Danmark. Han har sett eit avgjerande preg på funksjonalismen og dansk arkitektur på 1900-talet og hatt innverknad på dansk arkitekturtradisjon heilt inn i våre dagar.

Mellom hans hovudverk innan arkitektur finn ein mellom anna Bellavista bustadområde i Klampenborg ved København, Århus rådhus, Radisson Blu Royal Hotel i København og Danmarks Nationalbank. Blant Jacobsens store verk som formgjevar finn ein mellom anna stolen «Myren» («Mauren») og lenestolen «Ægget». Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 27
Håkjerring ved skutesida. Under kveitefiske har håkjerrig vorte fiska og avliva for å avgrense skaden på kveitelina. Foto: Ivar Arne Vartdal

Håkjerringfiske har vorte utført for å få tak i den oljehaldige levra. Håkjerring er ein haifisk som lever i nordlege havområde. Ho lever helst på mudderbotn der det er 200-600 meter djupt.

Kjøtet har tradisjonelt vorte rekna som dårleg mat. Ein har i nyare tid funne ut at når fisken vert rett avliva, slik at blodet får renne or kjøtet, og kjøtet straks vert teke vare på, så inneheld det ikkje ammoniakk. Kjøtet kan da brukast til menneskeføde.

Om håkjerringkjøt vert liggande før det vert teke vare på, utviklar det seg raskt ammoniakk. Då kan det vere giftig. Det kan føre til at den som et det vert «haifull», ein tilstand som liknar på alkoholrus. Om trekkhundar får slik mat, vil dei ofte sovne, og hundekøyraren må vente til dei har sove ut rusen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 28
Bob Dylan i 1963

Bob Dylan (fødd 1941) er ein amerikansk låtskrivar, musikar og kunstmålar som har vore ein av dei viktigaste personane i popverda i over fem tiår. Dei mest kjende og viktigaste songane hans er frå 1960-åra då han starta som ein motvillig frontmann for samfunnsuroa. Fleire av songane hans, som «Blowin' in the Wind» og «The Times They Are a-Changin'» vart temasongar for både amerikanske borgarrettsrørsler og krigsmotstand (særleg mot Vietnamkrigen).

Han har fått mange prisar gjennom åra, som Grammy, Golden Globe og Oscar. Juryen for Pulitzerprisen i 2008 gav han ein spesialpris for det dei kalla den inngåande påverknaden hans på popmusikken og amerikansk kultur ved «lyriske komposisjonar med usedvanleg poetisk kraft». Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 29

Joni Mitchell (fødd 1943) er ein kanadisk musikar, låtskrivar og målar. Ho spelte inn debutalbumet i 1968 og vart først kjend som låtskrivar («Urge for Going», «Chelsea Morning», «Both Sides, Now», «Woodstock») og så som soloartist på eiga hand. Ho slo seg ned i Sør-California og spelte ei viktig rolle i folkrockrørsla. Blue var eit nakent, personleg album frå 1971, som vert rekna som eit av dei sterkaste og viktigaste albuma nokon sinne. Mitchell hadde òg pophittar som «Big Yellow Taxi», «Free Man in Paris» og «Help Me», dei to siste frå bestseljaren Court and Spark frå 1974.

Kontraalt-stemma til Mitchell, den særeigne harmoniske gitarstilen og pianoarrangementa hennar vart stadig meir kompliserte gjennom 1970-åra og ho vart mykje påverka av jazz. Arbeidet til Mitchell er høgt verdsett av både kritikarar og andre musikarar. Rolling Stone kalla henne «ein av dei største låtskrivarane nokonsinne» medan Allmusic seier, «Når støvet legg seg, står kanskje Joni Mitchell att som den viktigaste kvinnelege artisten frå siste halvdel av 1900-talet.» Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 30
Young spelar i Oslo i 2009

Neil Young (fødd 1945) er ein kanadisk musikar, låtskrivar og regissør som vert rekna som ein av dei viktigaste musikarane i sin generasjon. Young starta solokarrieren sin i Canada i 1960, før han flytta til California i 1966, der han var med på å starte bandet Buffalo Springfield i lag med Stephen Stills. Seinare vart han medlem av Crosby, Stills & Nash som det fjerde medlemmet i 1969. Debutalbumet hans kom ut i 1968 og karrieren hans har sidan gått over 40 år og over 30 album. Musikken til Young er prega av den særeigne gitarstilen og den spesielle falsett/tenor-stemma hans. Young har eksperimentert med forskjellige musikkstilar, som swing og elektronisk musikk, er han mest kjend for akustisk folkemusikk og countryrock, eller forsterka hardrock i samarbeid med bandet Crazy Horse. Young har òg nytta element frå nyare stilar. Han har påverka grunge så pass mykje at han har vorte kalla «Gudfaren til grunge».

Young har regissert (eller vore med-regissør) fleire filmar under psevdonymet Bernard Shakey, mellom anna Journey Through the Past (1973), Rust Never Sleeps (1979), Human Highway (1982), Greendale (2003) og CSNY/Déjà Vu (2008). Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 31
Robert Fripp frå ein King Crimson konsert i 1974

King Crimson er ei britisk rockegruppe som vart danna i 1969. Dei vert rekna som ein av grunnleggjarane av progressiv rock, og har trekt inn musikk og instrument frå mange sjangrar i løpet av karrieren sin (som jazz og folkemusikk, klassisk, psykedelisk rock, hard rock, heavy metal og new wave). Dei har påverka mange av dagens artistar og har mange tilhengjarar, trass i lite speletid på radio og fjernsyn.

Pete Sinfield har skildra Crimson slik: «… me nekta å spele noko som høyrdes ut som ei Tin Pan Alley-plate. Om det høyrtes for populært ut, så var det ut. Då det måtte vere komplisert, det måtte vere ekspansive akkordar. Om det høyrtes for enkelt ut, så gjorde me det meir komplisert, me spelte det i 7/8 eller 5/8 …»

Besetninga har stadig vorte endra og 18 musikarar og to tekstforfattarar har vore innom bandet. Den einaste musikaren som har vore med heile tida er gitarist Robert Fripp. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 32
I 2000 var det over 17 % som nytta nynorsk i Telemark, i 2011 hadde dette sunke til 10 %

Skulemålet i Agder og Telemark er delt mellom nynorsk og bokmål. Aust-Agder og Telemark var blant dei fyrste fylka i landet der nynorsk vart teke i bruk som skulemål, Aust-Agder frå 1892 og Telemark frå 1898, medan Vest-Agder var noko seinare, frå 1906. I alle desse fylka fekk målet aukande oppslutning i mellomkrigstida og kring Verdskrigen hadde målet ei sterk stilling i alle tre fylka, med om lag ein tredel av skuleborna. Unntaket var byane og herada langs kysten, som heldt på bokmålet. Kring midten av 1950-talet byrja attergangen, og mot sluten av 1900-talet har nynorsken tapt terreng i dei midtre delane av fylka, medan målet framleis held stand i dei indre kommunane. Nest etter Oppland, har målet framleis den sterkaste posisjonen i Telemark av alle fylke utanom Vestlandet, men er òg det fylket der målet har den kraftigaste attergangen dei siste ti åra.

Telemark er det fylket i Noreg med dei mest varierte måltilhøva, av di fleire viktige målmerke går gjennom fylket. Medan grenlandsmålet høyrer til vikværsk og såleis fell under austnorsk, høyrer måla i sørvest til sørlege e-mål og såleis fell under vestnorsk. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 33
Symbolet for opphavsrett

Opphavsrett er den retten skaparen av eit litterært, vitskapleg eller kunstnarisk åndsverk har til verket. Opphavsretten oppstår automatisk når det skapte verket oppnår verkshøgd, og treng ikkje blir hevda gjennom registrering eller liknande. Det er heller ikkje noko vilkår for å hevde opphavsrett at ein merkjer utgivingar av verket med copyright-symbolet (©). Når dette likevel ofte blir gjort er det for å gjere brukarar av verket merksam på opphavsretten, og dei avgrensingane den fører med seg med omsyn til utnytting av verket. Opphavsretten vernar utforminga av verket, men derimot ikkje idear, teknikkar, kunnskap eller metodar. Det er måten ideane, kunnskapen og metodane kjem til uttrykk gjennom opphavsmannen sin skapande innsats som blir verna, ikkje ideane, kunnskapen eller metodane i seg sjølve. Den som har skapt verket kan velje å la andre fritt få lov til å utnytte det, eventuelt at det kan utnyttast på visse måtar og på nærmare vilkår. Han kan òg velje å overdra opphavsretten heilt eller delvis. Vernet er tidsavgrensa.

Opphavsretten er ei grein innan immaterialretten, som regulerer rettar til ikkje-fysiske objekt. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 34
Ein oktant. Foto: «Stahlkocher»

Oktant er eit geometrisk måleinstrument som først og fremst blir bruka i navigasjon. Namnet oktant kjem av at sjølve bogen på måleinstrumentet utgjer ein åttedels sirkel, og namnet reflekterande kvadrant viser til instrumentet brukar spegel for å doble den observerte vinkelen til ein fjerdedels sirkel. Oktantane kom i bruk som navigasjonsinstrument i 1730-åra og tok etterkvart over den rolla som kvadranten, og i mindre grad òg framleis jakobsstaven, hadde hatt tidlegare. Etter at måling av månevinklar kom i vanleg bruk kring 1760-åra, kom oktanten etterkvart til å tapa terreng for sekstanten, ettersom sekstantar kan måle vinklar på opp til 120 °, det vil seie 30 ° meir enn oktantar kan. I og med at oktantane var mykje billigare å framstille, fortsette likevel mange fiskefartøy og handelsfartøy å bruke oktantar til langt inn på 1800-talet. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 35

Aram Khatsjaturjan (1903 - 1978) var ein sovjetisk komponist av armensk ætt. Khatsjaturjan komponerte symfoniar, klaverkonsertar, éin fiolinkonsert, éin cellokonsert, ballettar og mykje anna. Khatsjaturjan hadde ei oppriktig tru på sosialrealismen, og veik aldri langt frå prinsippet om at musikk skal vera forankra i det nasjonale og folkelege. Han komponerte med originale harmoniar, eksotiske rytmar og fargerik orkestrering. Dei to mest kjende musikkstykka hans i dag er den viltre sverddansen frå balletten Gajané og Adagio for Frygia og Spartakus frå balletten Spartakus. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 36
Kopp med sørsamisk tekst

Sørsamisk er eit finsk-ugrisk språk i den uralske språkfamilien. Det blir snakka av i overkant av 500 talarar, i Østerdalen, på Nordmøre, i Trøndelag og i Nordland i Noreg så vel som i Västerbotten, Jämtland og Dalarna i Sverige. I 2008 vart sørsamisk offisielt språk i Snåsa kommune i Nord-Trøndelag, som er ein av stadene der språket står sterkast.

På grunn av den lange perioden med fornorskingspolitikk (ca. 1850-1970) skjedde det eit språkskifte frå sørsamisk til norsk. Sørsamisk gjekk heilt eller delvis ut av bruk på mange område. Det førte til at sørsamisk i dag er sett på som eit sterkt truga språk. Sidan 1960-talet har det ikkje dess mindre vorte arbeidd med å revitalisere språket, og på grunn av det ser ein i dag ein oppsving i bruken, særleg i den yngste generasjonen.

Sørsamisk vart skriftfesta av Ella Holm Bull og Knut Bergsland (Bergsland-Bull-rettskrivinga) i 1974. Dei første lærebøkene i sørsamisk i grunnskolen vart skrivne av Ella Holm Bull 1984-87. I dag finst det mange barnebøker som er omsette til sørsamisk, i tillegg til salmar og utdrag frå Bibelen. Språket blir òg brukt jamnleg i avisene Snåsningen og Daerpies Dierie/Sørsamisk kirkeblad. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 37
Jan III Sobieski leidde Det polsk-litauiske samveldet som gjekk inn i slaget med samla styrke på 80 000 mann.

Slaget ved Wien fann stad den 11. og 12. september 1683 etter at Wien hadde vore kringsett av Det osmanske riket i to månader. Det var eit slag der Det tysk-romerske riket i lag med Det polsk-litauiske samveldet (Den heilage ligaen) stod opp mot Det osmanske riket ved fjellet Kahlenberg nær Wien.

Kringsetjinga starta den 14. juli 1683 med om lag 150 000 mann frå Det osmanske riket. Kringsetjingsstyrken bestod av 60 ortaer med janitsjarar (12 000 mann på papiret) med ein observasjonsarme på kring 70 000 mann som såg over landområda kring. Den heilage ligaen stilte med ein styrke på omlag 84 000 mann.

Slaget markerte den historiske slutten på ekspansjonen til Det osmanske riket i Europa. Slaget er òg kjend for det største kavaleriåtaket i historia. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 38
Tysk frimerke frå 1993 med bilete av Hans Fallada

Hans Fallada (1893–1947) var ein tysk forfattar. I sine politisk-sosiale romanar skildra han med skarp observasjonsevne, subtil humor og virtuos forteljarteknikk storbymiljøet i byrjinga av 1930-åra, kvar arbeidarar og småborgarar slit med kvardagslege problem i Weimarrepublikken. Dei mest kjende bøkene hans inkluderer gjennombrotsromanen Hva nå, lille mann? (1932) og Alle dør alene (1947). Hollywood filmatiserte Hva nå, lille mann?.

Fallada vart erklært som ein «uønskt forfattar» av dei nazistiske styresmaktene i 1935. Grunna økonomisk og anna press, tok han på seg skriveoppdrag frå Joseph Goebbels. Sjølv om han var motstandarar av regimet vart han etter krigen kritisert for å ha akseptert å endre verka sine. Fallada har heile tida vore ein populær forfattar i Tyskland, og i seinare år er han blitt meir kjent i utlandet. Alle dør alene vart utgjeven på norsk i 2011. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 39
Drift av treskjeverk med hestevandring

Treskjeverk er ei maskin som vart nytta for å skilja korn frå aksa. Maskina vart mata frå toppen, der det stod menn og skar av banda på kornbanda. Treskjeverket bestod av ein roterande sylinder (slagaren), som var omslutta av slagbrua. Kjernane vart skilde frå aksa ved at aksa vart gnidde mot kvarandre når dei passerte mellom slagaren og slagbrua.

Heilt frå arilds tid hadde kjernane vorte slegne laus frå aksa med ei sloge. Dette arbeidet var både tungt og tidkrevjande. På 1700-talet vart det utført eksperiment med å nytta hestar og vasskraft for tresking og i 1788 tok skotten Andrew Meikle ut patent på eit treskjeverk.

I Storbritannia førte innføringa av treskjeverk stundom til arbeidsløyse hjå jordlause. I 1830 og 1831 var det valdelege protestar, og 400 treskjeverk vart øydelagt. 19 av demonstrantane vart hengd og 481 vart forviste til Australia. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 40
Ei kvit due er eit fredssymbol som også blir brukt som bilete i songen: «Yes, 'n' how many seas must a white dove sail - Before she sleeps in the sand?»

«Blowin' in the Wind» er ein song skriven av Bob Dylan frå albumet The Freewheelin' Bob Dylan i 1963. Songen stiller ei rekkje retoriske spørsmål om krig, fred og fridom. Refrenget «The answer, my friend, is blowin' in the wind» har vorte skildra som «djupt fleirtydig: anten er svaret så opplagt at det rett føre augo dine, eller så er svaret like uhandgripeleg som vinden». I 1999 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame. I 2004 vart han rangert på 14. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

«Blowin' in the Wind» har vorte skildra som ein hymne for borgarrettsrørsla i 1960-åra og vart ein av dei mest populære antikrigssongane i 1960-åra og under Vietnamkrigen. Under protestar mot Irak-krigen merka kommentatorane seg at protestantane nytta songar som «Blowin' in the Wind» i staden for å lage nye.

Melodien i «Blowin' in the Wind» er ei utgåve av den gamle negro spiritual-songen «No More Auction Block». Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 41
Det høgste fjellet i Alpane er Mont Blanc med 4 810 moh

Firetusenmeterstoppar i Alpane er ei liste over 82 sjølvstendige fjell over 4 000 meter etter UIAA si offisielle liste. Alle ligg på fransk, italiensk eller sveitsisk territorium og med unntak av Piz Bernina er alle å finne i Vest-Alpane.

Dei lokale klatreklubbane har utarbeidd reglene for kva toppar som skal med på lista. Alle toppar med ein primærfaktor på meir enn 30 meter blei inkludert og dessutan einskilde som har ein viktig plass innan alpinklatringa og/eller utgjer interessante landskapsformer. Døme er Mont Blanc de Courmayeur som har ein låg primærfaktor, men som ligg 600 meter i luftlinje frå Mont Blanc og som er av både morfologisk og klatreteknisk interesse. Alle toppar over 4 000 på Aiguilles du Diable og Grandes Jorasses er tatt med av di dei er svært markante og dessutan har spelt ei stor rolle i alpinklatrehistoria.

Det høgste fjellet i Alpane er Mont Blanc med 4 810 moh, følgd av Mont Blanc de Courmayeur (4 748 moh) og Dufourspitze (4 634 m). Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 42
Verda under devontida

Devon er ein geologisk periode i paleozoikum og omfatta perioden som starta for 416 ±2,8 millionar år sidan og enda for 359,2 ±2,5 millionar år sidan. Han er kalla opp etter Devon i England, der dei første bergartane frå denne perioden vart undersøkt. Paleogeografisk var perioden dominert av superkontinentet Gondwana i sør, kontinentet Siberia i nord og danninga av det vesle superkontinentet Euramerika i midten.

Under devon utvikla dei første fiskane føter og gjekk opp på land som tetrapodar for rundt 365 millionar år sidan. Forskjellige leddyr etablerte seg òg på land. Dei første frøplantene spreidde seg over land og danna store skogar. I hava vart det fleire primitive haiar enn i silur og ordivicium og dei første kjøtfinnefiskane dukka opp. Den første ammonittblekkspruten dukka opp og trilobittar, muslingliknande armføtingar og store korallrev var framleis vanleg. Seindevon-utryddinga råka det marine livet hardt. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 43
Suezkanalen vart opna i 1869. Dette var eit gigantisk prosjekt som medverka til at økonomien i Egypt braut saman og at europearane overtok styringa i landet.

Egyptisk historie frå 1805 til 1882 er avgrensa av at Muhammad Ali tok makta i Egypt i 1805, og at britane tok kontrollen over landet i 1882.

Perioden baud på storstilt modernisering og gigantiske reformforsøk. I spissen for desse prosessane er dei egyptiske visekongane, khedivane. Muhammad Ali, den første khediven, tok makta i 1805 og sette i gang tiltak som snart skulle gjere Egypt til ein av dei mest utvikla statane utanfor Europa. Desse programma, som bygginga av Suezkanalen, førte òg til at staten brukte mykje pengar og sette seg i stor gjeld, og den svake økonomiske situasjonen medverka til at Storbritannia til slutt okkuperte Egypt i 1882. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 44
Demonstrasjon av akrylmåling.

Akrylfarge er ei raskt-tørkande måling der pigmentet er utblanda i ein akrylpolymer. Akrylmåling kan tynnast med vatn, men blir vassfast når den er tørr. Alt etter kor mykje akrylmålinga er tynna med vatn eller tilsett gel, medium eller pasta, vil det ferdige akrylmåleriet likna akvarell eller oljemåleri, eller ha sitt eige særpreg som ikkje liknar andre måleteknikkar.

Det finst akrylmåling både med høgglans (gloss) og matt overflate, men satin eller halv-matt overflate er mest vanleg. Akrylmålinga er i prinsippet ikkje råd i ta bort frå eit fast underlag når den først er tørr. Vatn eller milde løysemiddel løyser den ikkje. Å bruka løysemiddel vil lett fjerne både målinglaga, gessoen og skada underlaga. Ein kan bruka olje, t.d. babyolje, til å fjerna akrylmåling på huda. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 45
17 år gamle Bobby Fischer under sjakk-OL i Leipzig i 1960

Bobby Fischer (1943–2008) var ein amerikansk sjakkspelar og stormeister i sjakk som vart islandsk borgar i 2005. Fischer vart kjend i tenåra for sjakktalentet sitt og i 1972 vart han den einaste amerikanske sjakkspelaren som offisiellt har vore verdsmeister i sjakk. I 1975 nekta han å forsvare tittelen då Verdssjakkforbundet FIDE, ikkje aksepterte alle 64 krava hans for å spele kampen. Fischer vert ofte trekt fram som ein av dei største sjakkspelarane gjennom tidene.

Fischer vart verdskjend i 1972 då han slo Boris Spasskij frå Sovjetunionen og vart verdsmeister. Kampen gjekk i ReykjavikIsland, og har ofte blitt kalla hundreårets sjakkamp. Dette mellom anna fordi kampen gjekk midt under den kalde krigen, der Fischer vart sett som den vestlege verda sin representant i kampen mot kommunismen og Austblokka. Uvisse om Fischer ville stille opp, og dei mange krava han kom med før og under kampen, førte også til mykje medieomtale. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 46
Orkanen Vince oppstod i dei tempererte subtropene under orkansesongen i Atlanteren i 2005.

Tropisk syklogenese er eit omgrep som skildrar utviklinga og forsterkinga av ein tropisk syklon i atmosfæren. Tropisk syklogenese involverer utviklinga av ein syklon med varm kjerne på grunn av kraftig konveksjon i ein atmosfære med dei rette tilhøva. Det er seks krav som må oppfyllast for å få starte ein tropisk syklogenese: varm nok havoverflate, atmosfærisk instabilitet, mykje fukt i lågare til midlare nivå i troposfæren, nok corioliskraft til å utvikle eit lågtrykkssenter, ei forstyrring i låge nivå må eksistere frå før, og ein må ha lågt vindskjer.

Tropiske syklonar har ein tendens til å utvikle seg om sommaren, men har oppstått til nesten alle tider av året i dei fleste tropiske havbasseng. Klimasyklusar som ENSO og Madden-Julian-oscillasjon påverkar kor tid og kor ofte tropiske syklonar utviklar seg. Ei kraftig avgrenseing for kor intense tropiske syklonar kan verte, er vasstemperaturen i områda han flyttar seg i (minst 26,5 °C ned til ei djupne på minst 50 meter). I snitt vert danna 86 tropiske syklonar verda over på eitt år, og 47 av desse utvikar seg til orkan styrke, og 20 vert intense tropiske syklonar (minst Kategori 3 på Saffir-Simpson-skalaen). Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 47
400 000 kongepingvinpar hekkar på Sør-Georgia, og i oktober kvart år kjem halvparten av dei 600 000 sørlege sjøelefantane i verda til øya for å yngle. Mal:Mini

Sør-Georgia er ei øy i Søratlanteren som høyrer til det britiske oversjøiske territoriet Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane. Argentina gjer krav på Sør-Georgia og resten av dei britiske territoria i Søratlanteren. Sør-Georgia har eit areal på 3 756 km² og er 170 km lang og 30 km brei. Det høgste punktet på øya er Mount Paget på 2 934 moh. I alt elleve fjelltoppar er høgare enn 2 000 moh. 75 % av øya er dekt av snø og is. Øya har ingen fastbuande, men har forsknngspersonell som er tilknytte museumsdrifta og forskingsstasjonane på Birdøya og King Edward Point.

Øya er ein av dei viktigaste hekke- og yngleplassane i Antarktis. Mellom anna ynglar 2,5 millionar pelsselar og 300 000 sørleg elefantselar på øya, og 2,7 millionar par gulltoppingvinar og 400 000 par kongepingvinar hekkar der. Norske kvalfangarar introduserte reinsdyr på øya, og Sør-Georgia er dermed den einaste staden i verda der ein kan sjå villrein saman med pingvinar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 48
Keisarkrona til Det tysk-romerske riket frå 900-talet

Det tysk-romerske riket var eit tysk imperium som oppstod frå det karolingiske Austfrankarriket på 900-talet og vara fram til 1806 under Napoleonskrigane.

Områda riket dekte over varierte gjennom historia, men på det største dekte det dagens Tyskland, Austerrike, Sveits, Liechtenstein, Luxembourg, Tsjekkia, Slovenia, Belgia og Nederland, i tillegg til store delar av dagens Polen, Frankrike og Italia. Gjennom heile historia var riket delt opp i hundrevis av mindre kongedøme, fyrstedøme, hertugdøme, grevskap, frie keisarbyar og andre einingar.

Napoleon Bonaparte kom til makta i Frankrike invaderte han Tyskland. Keisar Franz II la i 1806 ned krona som tysk-romersk keisar. På Wienerkongressen etter sigeren over Frankrike slutta dei tyske statane seg igjen saman i Det tyske forbundet (Deutscher Bund). Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 49
Dynamiske høgtalarelement i kabinett. Porten på venstre side, rett over basselementet, syner at rommet bak basselementet er ventilert (bassrefleks).

Høgtalar er ein akustoelektrisk omformar som konverterer frå elektrisk til akustisk energi (lyd). Høgtalarar arbeider i det for menneske hørbare området, som grovt sett dekkjer frekvensintervallet 20 Hz til 20 kHz.

Høgtalarar er meir kompliserte enn dei ser ut for. Dette heng saman med at dei er sett saman av eit elektrisk, eit mekanisk og eit akustisk system. Desse systema er tett kopla og må avstemmast slik at det akustoelektromekaniske systemet fungerer som tiltenkt. Plassering av høgtalarar og lyttarar i lytterommet er òg viktige faktorar for å oppnå så god attgjeving som mogeleg. Høgtalarar vert nytta til mange ulike føremål. Ein skil ofte mellom forbrukarhøgtalarar, høgttalarar til profesjonell bruk, lydforsterkingsystem, men det finst mange andre måtar å klassifiser bruksområda på. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 50
Richard Feynman

Richard Feynman (1918—1988) var ein framtredande amerikansk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1956 for arbeidet sitt med kvanteelektrodynamikk.

Feynman kom med uvurderlege bidrag til teorien for kvanteelektrodynamikken. Han var ein inspirerande forelesar og amatørmusikar, han medverka til utviklinga av atombomba, og vart seinare medlem av kommisjonen som undersøkte Challenger-ulukka. Han er òg kjend for dei mange eventyra sine, som skildra i bøkene Surely You're Joking, Mr. Feynman, What Do You Care What Other People Think? og Tuva Or Bust!. Feynman var på mange måtar ein eksentrikar og ein fri fugl. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 51
Nokre eldre norske julehefte

Julehefte er publikasjonar som vert utgjeve og kjem i handelen til jul. Sidan julehefte vart vanlege, på slutten av 1800-talet har det kome hefte med om lag 800 ulike titlar og 20-30 000 ulike hefte. Mange av dei har vore svært ulike i utforming, innhald og kvalitet.

Heftet Julegave eller en liden samling av udvalgte Selskabs- og Drikkeviser ved norske Forfattere som kom ut i Drammen i 1817 har ofte vorte rekna som det første norske juleheftet. Julegaven for barnlige sind var første hefte som vart utgjeve for born.

Det nynorske Norsk Barneblad sit julehefte, Joletre, er eit av dei hefta som har kome i flest årgangar. Det starta i 1898. I Joletre finn vi salmar, dikt og forteljingar av kjende nynorskforfattarar. I 1921 skreiv den då 15 år gamle Haldis Moren si første forteljing. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 52
Byrjinga av Lukas-evangeliet på gresk i eit bysantinsk manuskript frå rundt 1020.

Evangeliet etter Lukas er eit av dei synoptiske evangelia og er i den kanoniske rekkefølgja den tredje boka i Det nye testamentet. Boka inneheld mellom anna Juleevangeliet. Både språklege og teologiske fellestrekk viser at Lukas-evangeliet (Luk) og Apostegjerningane Apg har same forfattar. Evangelisten Lukas vert symbolsk framstilt som ein okse med eller utan venger.

Ifølgje bibelforskarar er det truleg at Lukas hadde to skriftlege kjelder, dels Markusevangeliet, dels ei tapt samling med jesusord, som vert kalla Q-kjelda. Andre forskarar har påstått at Lukas gir kvinner ei meir sentral rolle i historiene enn dei andre evangelistane. Forskarane er også samde om at Lukasevangeliet mest truleg er skrive i eit gresk miljø. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 53
Fujian er rik på fjellandskap, og vert ofte omtala som «åtte delar fjell, ein del vatn, og ein del dyrka jord» (八山一水一分田).

Fujian er ein provins på søraustkysten av Kina. Fujian grensar til Zhejiang i nord, Jiangxi i vest, og Guangdong i sør. Øya Taiwan ligg i aust, bortom Taiwansundet. Namnet Fujian er ei samansetting av Fuzhou og Jianzhou (dagens Jian'ou), to byar i Fujian, danna under Tang-dynastiet. Den kinesiske enkeltteiknsforkortinga er 闽 for Min. Hankinesarar er i fleirtal, men provinsen er kulturelt og språkleg ein av dei mest mangleta provinsane i Kina. Han dekker ei flatevidd på 121 400 km² og folketalet er kring 36 millionar. Fuzhou er hovudstad og største by i provinsen med om lag 7 millionar innbyggjarar. Provinsen er rik på fjellandskap, og vert ofte omtala som «åtte delar fjell, ein del vatn, og ein del dyrka jord» (八山一水一分田). Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Utvald artikkel Kandidatar Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024

Diskusjonar: 200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024



I dag er det fredag, 19. april 2024Oppdater sida