Wikipedia:Vekas artikkel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Snarveg: WP:VA WP:UA |
|---|
Skandinavisk: på bokmål
på svensk
på dansk
Arkiv: 2004 – 2005 – 2006 – 2007 – 2008 – 2009 (Oppdatere tittel)
I dag er det søndag, 15. november 2009 – Oppdater sida
Vekas artikkel er ein bolk på hovudsida som vert oppdatert ein gong i veka med dei første avsnitta frå ein utvald artikkel i lag med eit bilete.
| Utvald artikkel denne veka: Sergej Prokudin-Gorskij |
|---|
|
Sergej Prokudin-Gorskij (1863–1944) var ein russisk pioner innan fargefotografi. Fargebileta til Prokudin-Gorskij er unike historiske skildringar av det russiske imperiet kort tid før den russiske revolusjonen. Motiva omfattar skildringar av arkitektur, miljø, folk og personar. Prokudin-Gorskij studerte kjemi i St. Petersburg, Berlin og Paris. Gjennom eiga forsking tok han patent på produksjon av fargedias og på projisering av fargefilm. Prosessen hans nytta eit kamera som eksponerte ein serie på tre svart-kvite bilete over eit par minutt (seinare korta ned til eit par sekund). Kvart bilete vart eksponert gjennom eit fargefilter; eit blått, eit raudt og eit grønt. Slik registrerte kvart bilete berre ein del av fargespekteret. Gjennom å projisere kvart bilete i farga lys, i høve til kva filter som var nytt under eksponeringa, for så å nøyaktig overlappe desse bileta, fekk ein eit bilete samansett av heile fargespekteret. Les meir … |
| Utvald artikkel neste veke: Bergensbana |
|
Bergensbana er ei 50 mil lang jarnbaneline mellom Bergen og Oslo. Lina er den høgast liggjande hovudlina i Europa. Lina er ein populær turistatraksjon, der Hardangervidda vert kryssa 1300 meter over havet. Ho vart opna av kong Håkon VII på Voss stasjon den 27. november 1909. Bygginga av bana kosta meir enn eit norsk statsbudsjett i 1909. Lina måtte leggjast i ugjestmildt terreng høgt over havet, i ein region utan vegar. Vinterstid er det fleire meter med snø. Frå første stund var Bergensbanen ein suksess målt i trafikktal. I 1920-21 reiste 3,7 millionar passasjerar med banen. I 1957 var dei gamle damplokomotiva avløyste av dieseldrivne lokomotiv. I 1964 var jernbanen ferdig elektrifisert. I 1984 begynte difor NSB å køyre dei fleste persontoga om Drammen i staden for om Roa. Les meir … |
[endre] Val av vekas artikkel på nynorsk Wikipedia
Alle artiklar som har ei viss lengd og ein illustrasjon kan bli vekas artikkel. Nominering av nye kandidatar og diskusjon kan leggjast til på Wikipedia:Vekas artikkel/Kandidatar.
Dersom du ønskjer å føreslå ein særskild artikkel for ei særskild veke, kan legge inn eit forslag i kandidatkalenderen. Sjå årsarkivet for artiklar og diskusjonar, der du óg finn peikarar du kan legga inn forslag eller artikkelsnuttar på.
[endre]
Nynorsk Wikipedia har óg artiklar frå dei andre skandinaviske wikipediaene på framsida. På meta:Skanwiki/Utvalgte artikler på meta-wiki kan ein finna desse artiklane og kopiera dei hit.
I artikkelutvalet frå éin Wikipedia som blir brukt på ein annan må ein endra peikarane slik at dei viser til wikipediaen på det opphavlege språket. Til dømes må peikaren [[1987]] endrast til [[:nn:1987|1987]] om han kjem frå Nynorsk Wikipedia, eller [[:sv:1987|1987]] om han kjem frå Svensk. Dette er greiast om ein gjer éin enkelt gong, når ein legg inn artikkelen på meta.