Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 14, 2008

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
R.E.M. på konsert i Padova i Italia 22. juli 2003.

R.E.M. er eit amerikansk rockeband som vart danna i Athens i Georgia i januar 1980 av vokalist Michael Stipe, gitarist Peter Buck, bassist Mike Mills og trommeslagaren Bill Berry. Etter utgjevinga av debutplata Chronic Town i 1982, gav bandet ut seks album på like mange år, frå Murmur i 1983 til Green i 1988.

Den klare R.E.M.-lyden og dei kryptiske tekstane til Stipe hadde stor innflytnad på mange band, både skrangle-pop band på 80-talet og alternativ rock-band på 90-talet. Etter å ha oppnådd suksess på nytt plateselskap mot slutten av 80-talet og tidleg på 90-talet kunne bandet fronte sine eigne politiske saker på same tid som dei spelte på store arenaer verda over. Plater som Out of Time (1991) og Automatic for the People (1992) selde til platinum fleire gonger og vart godt tekne imot både av fans og kritikarar. I april 2008 er R.E.M. aktuelle med nytt album, Accelerate. Les meir…