Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 2, 2008

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordsida av den gamle festningen på Korfu

Kérkyra eller Korfu er ei øy i Det joniske havet i Hellas. Ho ligg utafor kysten av Albania og mellom øya og fastlandet går det eit 3 til 23 km breidt sund. Hovudbyen på øya og i prefekturet, Kérkyra prefektur, er Kérkyra by. Her ligg mellom anna Det joniske universitetet. Øya har ei rik historie som er nært knytt til den greske historia med start i gresk mytologi.

Det greske namnet Kérkyra er knytt til to mektige symbol på vatn: havguden Poseidon og Asopos, ei viktig elv på det greske fastlandet. I følgje mytene skal Poseidon ha forelska seg i den vakre nymfa Korkyra, dottera til Asopos og elvenymfa Metope, og bortførte ho. Poseidon førte ho til Korfu, som då ikkje hadde namn enno. Han tilbydde seg å kalla øya opp etter ho, som etter kvart utvikla seg til Kérkyra. Saman fekk dei bornet Faiax, som innbyggjarane på øya er kalla opp etter: Faiakarar (på latin Phaeacius).

Historien om Kérkyra er full av slag og erobringar, noko ein kan sjå igjen i alle borgene og festningane på strategiske stader rundtom på øya. Les meir…