Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 5, 2008

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Holbein d.y. Sjølvportrett frå 1542.

Hans Holbein den yngre (1497 eller 1498- 29. november 1543) var ein biletkunstnar fødd i Augsburg i Bayern. Kunsten hans fell inn under stilretninga nordleg renessanse og han var mellom dei heilt fremste av portrettmålarar i sin periode. Hovudområda han budde og arbeidde i var Basel i Sveits og London i Storbritannia. Holbein arbeidde med teikning, grafikk og måleri. I tillegg formgav han glasmåleri, klesdraketer og anna, og han illustrerte bøker. Frå 1536 var han hoffmålar hjå kong Henrik VIII av England. Måleriet Ambassadørane vert rekna som han viktigaste verk. Les meir…