Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 6, 2007

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Traktor (Ivel) med plog frå 1905.

Ein traktor er eit køyretøy som er laga for å drive ulike arbeidsreiskap i jordbruk og skogbruk, og for å dra tunge lass på ujamnt og lite berekraftig underlag. Hjula har stor diameter og breidd og er utstyrte med mønster utforma for å gje godt feste utan å riva opp overflata. For å auka bereevna og markgrepet er lufttrykket i hjula etter måten lågt. Traktorar går ikkje fort, kraftoverføringa er konstruert med låg utveksling for at dei skal kunne dra tungt.

Traktorar var opphavleg mynta på å dra reiskap, som til dømes ein plog, etter seg. Moderne traktorar er utstyrte med hydraulisk trepunktsoppheng for å kunne lyfte og kraftuttak for å driva roterande arbeidsreiskap. Tidlegare var velteulukker vanlege, noko som førte til dødsulukker. Det er no påbod om at traktorar skal vera utstyrte med vernebøyler. Les meir…

Førre tre veker: MyllargutenGol stavkyrkjeCorioliskrafta