Wild Honey av The Beach Boys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wild Honey
Singel av The Beach Boys
frå albumet Wild Honey
Utgjeve 23. oktober 1967
Innspelt Ukjend
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 2:37
Selskap Capitol Records
Produsent The Beach Boys
The Beach Boys-kronologi
«Gettin' Hungry»
(1967)
Wild Honey «Darlin'»
(1967)

«Wild Honey» er ein song skriven av Brian Wilson og Mike Love for det amerikanske popbandet The Beach Boys. Han vart gjeven ut på albumet Wild Honey i 1967. Han vart òg gjeven ut som singel med «Wind Chimes» som B-side. Singelen nådde 31. plass i USA og 29. plass i Storbritannia.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga av songen starta 26. september 1967 i heimestudioet til Brian Wilson i Bel Air i California. Songen vart nesten ferdiginnspelt denne dagen. Bandet spelte la så på fleire instrument som bongotrommer, perkusjon og trommer, der basstromma til Dennis Wilson vart tatt opp ute i ein gang.[1] Innspelinga vart så avslutta denne dagen med meir vokal og orgel.[2]

Dagen etter vart thereminen, spelt av Paul Tanner, innspelt, igjen i heimestudioet til Brian Wilson. Dette var den tredje songen til Beach Boys der dei nytta theremin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Doe, Andrew G, Tobler, John (2004). Brian Wilson og the Beach Boys: the Complete Guide to their Music. s. 63. 
  2. Badman, Keith (2004). The Beach Boys: The Definitive Diary of America's Greatest Band on Stage og in the Studio. ss. 200–01.