Wild Is the Wind
| Wild Is the Wind Singel av David Bowie frå albumet Station to Station |
||
| B-side | «Golden Years» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | November 1981 | |
| Innspelt | Cherokee Studios, Hollywood Oktober–november 1975 |
|
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 3:34 (singel) 6:02 (album) |
|
| Selskap | RCA Records BOW 10 |
|
| Produsent | David Bowie, Harry Maslin | |
| David Bowie-kronologi | ||
| «Under Pressure» (1981) |
Wild Is the Wind | Baal (EP) (1982) |
«Wild Is the Wind» er ein song skriven av Dimitri Tiomkin og Ned Washington. Han vart opphavleg spelt inn av Johnny Mathis for filmen Wild Is the Wind i 1957. Songen var særs populær og var ein av fem songar som va nominerte for Oscarprisen det året. Han var sungen av Johnny Mathis i mars 1958 under Oscarseremonien. Han vart seinare spelt inn av Nina Simone på albumet Wild Is The Wind (1966). David Bowie spelte inn ein versjon i 1976 av songen for albumet Station to Station. Bowie likte stilen til Simone og etter å ha møtt henne i Los Angeles vart han inspirert til å spele inn songen for albumet.
Det nederlandske bandet Clan of Xymox gav ut ein versjon i 1994 på albumet Headcloud. Det australsk-engelske bandet Fatal Shore spelte inn «Wild Is the Wind» for eit album i 1997. George Michael spelte inn songen i 1999 for albumet Songs from the Last Century, og Chan Marshall (Cat Power) spelte inn ein versjon for albumet hennar The Covers Record i 2000, samt gav ut ein konsertversjon for iTunes i 2006. Den skotske songaren Billy Mackenzie spelte òg songen, og vart gjeven ut i 2001 posthumt. TV on the Radio sampla Nina Simone-versjonen av songen «Say You Do» på debutplata OK Calculator i 2002. I 2003 spelte Barbra Streisand songen for albumet The Movie Album og filma ein musikkvideo til han. Esperanza Spalding spelte ein versjon av songen for albumet hennar Chamber Music Society i 2010.
Innhaldsliste |
David Bowie-versjonen [endre]
Innhald [endre]
- «Wild Is the Wind» (Ned Washington, Dimitri Tiomkin) – 3:34
- «Golden Years» (David Bowie) – 3:22
Medverkande [endre]
- Produsentar:
- Harry Maslin
- David Bowie
Konsertversjon [endre]
- Ei innspeling på BBC Radio Theatre, London, den 27. juni 2000, vart gjeven ut på bonusplata som følgde dei første utgjevingane av Bowie at the Beeb.
Andre utgjevingar [endre]
- Changestwobowie (1981)
- Golden Years (1983)
- Sound and Vision (1989)
- The Singles Collection (1993)
- The Best of 1974/1979 (1998)
- Best of Bowie (2002)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Wild Is the Wind (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5