Wild One av Johnny O'Keefe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wild One
EP av Johnny O'Keefe
frå albumet Shakin' at the Stadium
B-side

«Ain’t that a Shame»

Utgjeve 1958
Innspelt 1958
Sjanger Rock and roll
Lengd 3:38
Selskap Leedon / Festival Records
Låtskrivar(ar) Johnny Greenan, Johnny O'Keefe, Dave Owens, Tony Withers[1]
Johnny O'Keefe-kronologi 
«Love Letters in the Sand»
(1957)
Wild One «Over the Mountain»
(1958)


«Wild One» eller «Real Wild Child» er ein australske rock and roll-song skriven av Johnny Greenan, Johnny O'Keefe og Dave Owens. Sydney-DJ Tony Withers vart tilskriven fordi han hjelpte til med å få songen spelt på radio, men seinare utgjevingar har ofte utelatt Withers.

O'Keefe var den første artisten som spelte han inn, på debut-EPen Shakin' at the Stadium, som kom ut på Festival i 1958. Denne versjonen, som tilsynelatande vart spelt inn på eit stadion, vart i røynda spelt inn i studio og lyden av publikum vart lagt på sidan. Han er forskjellig frå versjonen gjeven ut i USA og Storbritannia. «Wild One» vart òg gjeven ut som «Real Wild Child» i USA på Brunswick og i Storbritannia på Coral.

Songen var den første australske rockeinnspeligna som nådde den nasjonale singellista med ein 20. plass som høgaste plassering.[2][3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I 1958 vart songen gjeven ut som singel av Jerry Ivan Allison, eit medlem av The Crickets, som nytta namnet Ivan. Han vart då kalla «Real Wild Child», og vart ein liten hit som nådde 68. plass på Billboard Hot 100.

«Wild One» vart òg spelt inn av Jerry Lee Lewis i 1958, men ikkje gjeven ut før i 1974 på albumet Rockin' and Free. Songen vart spelt inn og gjeven ut som «Real Wild Child» av Jet Harris, tidlegare bassist i The Shadows, i 1962 på debutsingelen hans. «Real Wild Child (Wild One)» vart spelt inn av den britiske gitaristen Albert Lee i 1982.

I 1986 spelte Iggy Pop inn ein versjon på Blah Blah Blah. Denne vart kalla «Real Wild Child (Wild One)»,[4] og gjekk til 10. plass på den britiske singellista i januar 1987. På Billboard si Album Rock Tracks nådde 27. plass. Iggy Pop-versjonen vart nytta i Crocodile Dundee II, Adventures in Babysitting, Problem Child og oppfølgjaren Problem Child 2.[5]

Songen vart sidan spelt inn av Billy Idol i 1987, og Lou Reed i 1993. Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Status Quo, Everlife, Joan Jett & The Blackhearts, Glamour Camp, Marshall Crenshaw, Brian Setzer, Teenage Head, Albert Lee og Wakefield.

Norske Vazelina Bilopphøggers spelte i 1996 inn ein versjon av songen med norsk tekst kalla «Villmænn» på albumet Hææærli' På Toppen Ta Væla.

Popkultur[endre | endre wikiteksten]

Datoen singelen vart gjeven ut, 5. juli 1958, vert rekna som fødselsdagen for australske rockemusikk. The Jet & Iggy Pop spelte inn ein versjon av songen i 2008 for å markere 50-årsjubileumet til songen.

Iggy Pop-versjonen vert nytta som kjenningsmelodi i Australian Broadcasting Corporation sitt musikkprogram rage.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «O'Keefe, John Michael (Johnny)». Australian Dictionary of Biography. Henta 21. oktober 2011. 
  2. Kent, David (2005). Australian Chart Book 1940-1970. Turramurra, N.S.W.: Australian Chart Book, 2005. ISBN 0646444395. 
  3. «Long Way to the Top». ABC. Henta 21. oktober 2011. 
  4. ABC RADIO (japan) program "makoto no psychic seinen-dan" (makoto's psychic youth) OP Theme 1988-2009
  5. «Problem Child 2 (1991) - Soundtrack». IMDb. Henta 28. mai 2008.