Wilhelm von Fermor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wilhelm von Fermor

Fødd28. september 1702
Pskov
Død8. februar 1771
Nītaure
Alle titlargreve
Fullt namnrussisk Виллим Виллимович Фермор, Villim Villimovitsj Fermor
Hus eller slektStenbock
LandLatvia
EktefelleDarja Romanovna Brjus
BarnSarah Eleonora Fairmore

Wilhelm von Fermor (fødd 28. september 1704 i Pskov, død 8. februar 1771) var ein general i den russiske hæren, men var opphavleg frå ein engelsk familie.

Han gjekk inn russisk militærteneste i 1720, utmerkte seg ved omleiringa av Gdańsk og i 1736 mot tyrkarane, vart i januar 1740 kommandant i Viborg og deltok her i krigen mot Finland. I 1746 vart han utnemnd til generalløytnant og formann for Baukanzlei og leia bygginga av keisarpalasset i St. Petersburg.

I 1751 var han generalkommandant for St. Petersburg, Finland og styret av Novgorod. I 1756 vart han sjefsgeneral for ein av hovudarmeeane under Apraksin. I 1758 mottok han etter slaget ved Großjägersdorf kommandoen over den russiske hæren, tok Thorn og Elbing og vart innsett som generalguvernør av Preussen.

Vidare ved breidda av Oder omleira han Küstrin, og møtte 25. august 1758 Fredrik den store i slaget ved Zorndorf. Han vart slegen og tvungen til å trekke seg tilbake til Polen og Preussen.

Wilhelm von Fermor flytta tilbake til Polen og kjempa vidare som korpsgeneral under general Saltykov i slaget ved Kunersdorf.

Etter at tsarina Elisabeth døydde, i 1762, vart han utnemnd av Katarina II til generalguvernør i Smolensk og medlem av Senatet, men i 1768 flytta han tilbake til eigedomen sin i Nitau.

Wilhelm von Fermor døydde 8. februar 1771 på eigedomen sin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]