Wilhelm F.K. Christie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wilhelm Frimann Koren Christie.

Wilhelm Frimann Koren Christie (7. desember 177810. oktober 1849) var ein norsk politikar og embetsmann.

Christie var fødd i Kristiansund, son av ein kjøpmann. Elleve år gammal tok han til på latinskule i Bergen. Sidan (frå 1794) studerte han jus ved Universitetet i København, cand. jur. i 1799. I åra 1801-08 var han tilsett på ulike offentlege kontor i rikshovudstaden. Frå 1809 var han sorenskrivar for Nordhordland, med bustad i Bergen. I 1815 vart han utnemnd til stiftamtann i Bergen. Grunna sviktande helse søkte han i 1822 om fritak frå teneste, tok avskjed i 1825 med full gasje. Frå 1828 var han tollinspektør for Bergen.

Innhaldsliste

Politikaren [endre]

Christie møtte på Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 som fyrsterepresentant for Bergen. Der slutta han seg til sjølvstendepartiet og ”bidrog væsentlig til at fremtvinge kongevalget 17de mai”. Han vart vald til sekretær under heile samlinga. Vald som ein av Bergens fire representantar til det overordentlege storting hausten 1814, med eit mandat bunde til å stemme mot unionen. 11. oktober vart han vald til stortingspresident, og gjenvald kvar påfylgjande veke. Med framifrå formelle evner ytte han sitt til å skape ein sikker konstitusjonell praksis. Christie hadde hovudæra for at kongevalet den 20. oktober vart utsett. Slik vart det mogleg å få ein unionstraktat utan større grunnlovsmessige endringar. Etter kongevalet 4. november 1814 var han formann for deputasjonen som reiste til Stockholm for å overbringe grunnlova og helse kong Karl XIII som Noregs nye konge. Denne oppgåva løyste han på ein måte som Stortinget verdsette ved å skjenke han ein gullpokal. Christie møtte på Stortinget både i 1815 og 1818, på det første som stortingspresident heile tida, på det andre tidvis som stortingspresident. Han virka også som odelstingspresident og som lagtingspresident. Medlem i bystyret i Bergen (1837-41). Deltok i opprettinga av Bergens Sparebank, styreformann i fleire år.

Vitskapleg virke [endre]

Christie hadde sterke kulturhistoriske interesser. Etter han slutta som stiftamtmann fekk han høve til å konsentrere seg om sine hovudinteresser, Noregs naturhistorie og nordiske oldsaker. Skreiv ei rekke artiklar vedkomande desse saksområda. Han var den sentrale aktør då Bergens Museum vart skipa i 1825. Og han var formann for museet i alle år fram til sin død. Alle hans bøker og heile hans vitskaplege privatsamling vart testamentert til museet.

Christie var ugift, han døydde i Bergen. Etter eige ynskje vart han gravlagd på St. Jacobs kyrkjegard. På grava er reist ein bautastein av slipt syenitt med innskrift i runer. Ei statue av han, utført av bilethoggaren C. Borch, vart avduka på torget i Bergen 17. mai 1868. Statuen står i dag utanfor Bergens Museum. Også i Kristiansund er det reist eit minnesmerke.

Kjelde [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]