Wilhelm Filchner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wilhelm Filchner

Wilhelm Filchner (13. september 18777. mai 1957 i Zürich i Sveits) var ein tysk oppdagar.

21 år gammal deltok han i den første ekspedisjonen sin til Russland. To år seinare reiste han åleine på hesteryggen gjennom Pamir-fjella. 1903–1905 leia han ein ekspedisjon gjennom Tibet.

Etter heimkomsten frå Tibet fekk han i oppdrag å organisere ein tysk ekspedisjon som skulle kartleggje Antarktis. Etter ein treningsekspedisjon til Spitsbergen drog dei ut med skipet «Deutschland» 4. mai 1911. Ekspedisjonen kom inn i Weddellhavet og oppdaga Luitpoldkysten og Filchner-Ronne isbrem, som Filchner opphavleg kalla opp etter den tyske keisaren Vilhelm II. Dei var den første ekspedisjonen som drog lenger inn i Weddellhavet enn James Weddell hadde gjort omkring 80 år tidlegare.

Filchner vende aldri tilbake til Antarktis, men drog fleire gonger gjennom Nepal og Tibet.

Under første verdskrigen vart Filchner, som hadde oppretta eit tysk pressekontor i Noreg, avslørt som spionleiar og måtte rømme landet. Han var medlem av Det tyske selskapet for rasehygiene. Under andre verdskrig sett han internert i India. Seinare budde han i Poona i Maharashtra i India.

Breområdet Filchnerfonna på Spitsbergen på Svalbard har fått namnet sitt etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]