Wilhelm Matheson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wilhelm Eger Matheson
Fødd 5. mai 1955 (58 år)
Yrke Høgsterettsdommar

Wilhelm Eger Matheson (fødd 5. mai 1955) er ein norsk jurist og dommar i Høgsterett. Han blei utnemnd til høgsterettsdommar den 31. oktober 2008, saman med Bergljot Webster og Erik Møse, og tiltredde 1. november 2009[1]. Matheson er fødd i Oslo [2], skild ein gong og gift på nytt. Han har to born frå kvart av ekteskapa[3].

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Wilhelm Matheson tok juridisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1982. Han har tidlegare arbeidd som førstekonsulent og lovrådgjevar i lovavdelinga i Justisdepartementet og som gjesteforskar ved Max-Planck-Institut für ausländisches und internationales Strafrecht i Freiburg i Tyskland. I perioden 1987 til 1988 var han dommarfullmektig ved Lier, Røyken og Hurum sorenskrivarembete. I 1989 blei han advokatfullmektig i advokatfirmaet Mellbye, Schjoldager, Sejersted, Tenden. Mellom 1990 og 2009 arbeidde han som advokat og partner i advokatfirmaet Wiersholm, før han gjekk inn i rolla som høgsterettsdommar[1].

Utnevning til Høgsterett[endre | endre wikiteksten]

Matheson vart utnemnd til høgsterettsdommar den 31. oktober 2008 saman med Bergljot Webster og Erik Møse. Prosessen rundt tilsettinga av Matheson, Webster og Møse som høgsterettsdommarar vart kritisert av professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, Gunnar Grendstad for å vere «lite gjennomsiktig»[3]. Journalist Hanne Skartveit (frå avisa VG) ønskte i denne samanhengen å presse Matheson og dei to andre høgsterettsdommarane som vart utnemnde saman med han til, på førehand å gje uttrykk for sine politiske haldningar i saker av særskild offentleg interesse [4]. Matheson ønskte ikkje å binde seg til posisjonar eller ta stilling til saker han seinare kunne komme til å diskutere i Høgsterett.[3]

Dommargjerning[endre | endre wikiteksten]

Matheson gjev uttrykk for trua på på idealet om «en fordomsfri dommerstand», men meiner det er sjølvsagt at ei rettsavgjerd syner dommaren sine haldningar, ikkje «den såkalt sanne juss» [3].

Pr. januar 2011 har Matheson teke ut dissens i to høgsterettsdommar: Den første saka (i januar 2010) tok føre seg eit krav frå driftselskapet for ein rasteplasskiosk om erstatning frå Vegvesenet etter tap av inntekter som følgje av eit tunellras. Fleirtalet på tre dømde i favør av styresmaktene, medan dissentarane på to dommarar meinte at staten var ansvarleg for inntektstapet. Matheson skreiv dissensen[5].

I den andre saka (frå mars 2010) var Matheson åleine om dissens mot fire meddommarar. Saka gjaldt eit krav om oppreising frå skodespelaren Gøril Mauseth, etter at NRK, i programmet Store studio, hadde synt eit klipp frå ei scene i filmen Brent av frost der Mauseth er naken. Fleirtalet på fire dommarar dømde i favør av Mauseth, mot Matheson sin dissens [6].

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Personprofil av Wilhelm Eger Matheson på Domstol.no. Vitja 28. januar 2011.
  2. Wilhelm Eger Matheson i Store norske leksikon. Vitja 28. januar 2011.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Profilintervju med Wilhelm Matheson i Advokatbladet.no, 13. november 2009. Vitja 28. januar 2011.
  4. Skartveit, Hanne (13. oktober 2008). Hemmelig statsmakt. VG. Vitja 28. januar 2011.
  5. Høgsterettsdom HR-2010-102-A - Rt-2010-24, 19. januar 2010. Samferdsledepartmenetet mot Tollerudelva AS. Forfattarar: Utgård, Tønder, Tjomsland. Dissens: Matheson, Indreberg.
  6. Høgsterettsdom HR-2010-527-A - Rt-2010-366, 25. mars 2010. Gøril Mauseth mot Norsk rikskringkasting. Forfattarar: Møse, Bruzelius, Øie, Gjølstad. Dissens: Matheson.