Wilhelm Wetlesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wilhelm Wetlesen i unge år
Moder hekler, 1890
Hæren stanar, frå Soga om Harald Hardråde, 1899
Erling kringsette huset til Ossur og brende han inne, frå Soga om Magnus Erlingsson, 1899

Wilhelm Lauritz Wetlesen (25. november 187115. juni 1925) var ein norsk målar og teiknar frå Sandefjord.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Wetlesen voks opp i Sandefjord, der faren var manufaktur-kjøpmann. Sjølv studerte han på byrjinga av 1890-talet ved Kristian Zahrtmann sin målarskule i København, seinare var han ei kort tid ved målarskulen til Erik Werenskiold og Eilif Peterssen i Kristiania. I desse tidlege år stod har måleri som Moder hekler frå 1890, Søsken (1892) og Sandar kirke frå 1895.

Mellom 1895 og 1900 budde Wetlesen i lengre periodar i Italia. Hovudverket frå Italia-perioden er måleriet Utenfor paradismuren frå 1898, eit bilete som viser tre oppstilte, nakne figurar; ein engel med venger og Adam og Eva med bladkransar om hoftene. Verket er inspirert av både realismen og ungrenessansen i ein såkalla dansk-florentinsk stil.

Wetlesen bidrog med teikningar til den illustrerte folke- og praktutgåva av Heimskringla som kom ut på norsk i 1899. Illustrasjonene til det prestisjetunge verket vart opphavleg fordelt mellom målarane Christian Krohg, Gerhard Munthe, Eilif Peterssen og Erik Werenskiold, seinare kom også Halfdan Egedius til. Då Egedius døydde i februar 1899, overtok Wetlesen. Han laga i alt 43 teikningar til boka, forma i Werenskiolds «norrøne» stil, illustrasjonar som har mindre særpreg enn dei som kom frå dei andre bidragsytarane.

I lag med Hans Ødegaard i Kunsthistorisk forening tok Wetlesen initiativet til å danne Kunstnerforbundet i 1910, eit galleri i Oslo som sidan den tid har arrangert kunstutstillingar og formidla sal. Wetlesen var elles fyrste direktøren for Kunstnerforbundet. På jubileumsutstillinga på Frogner i Oslo i 1914 stilte Wetlesen ut mange arbeid. Dei lyse, stemningsfulle måleria av norske landskap som han måla då og seinare vitnar om påverknad frå både naturalismen i Norden og impresjonismen i Frankrike.

Wetlesen døydde i hovudstaden, 53 år gammal. Han er representert i Nasjonalgalleriet i Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wilhelm Wetlesen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]