Wilhelm Wundt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wilhelm Wundt

Wilhelm Wundt (fødd 16. august 1832 i Neckarau i nærleiken av Mannheim i Storhertugdømmet Baden, død 31. august 1920 i Großbothen i nærleiken av Leipzig) var ein tysk fysiolog, filosof og psykolog. Han vert gjerne rekna for grunnleggjaren av ein ny vitskapleg psykologi.

Wundt var Helmholtz sin assistent i Leipzig då han skreiv programmet sitt for den nye psykologien. Den «nye» psykologien skulle i motsetnad til den «gamle», vere basert på ei empirisk tilnærming.

Men han var ikkje, som mange kanskje trur, den første som hevda dette. Ein gjengåande kritikk mot psykologien, som ein eigen naturvitskapleg retning, gjekk ut på han berre bygde seg på teoriar og «logisk» tenking. Slik Poppar sa kunne ikkje ein teori vere vitskapleg, så lenge han ikkje var falsifiserbar.

Wundt var til gjengjeld den første som klarte å leve opp til tanken sin om empirisk forsking og reknast difor som grunnleggjaren av den «nye» psykologien. Etter meininga hans skal eksperimentet gje målbare resultat. Han meinte vi studerte den umiddelbare røynsla, ikkje den indre. Tidlegare «vitskaplege» metodar for å finne ut meir om sjela, som er det psykologi i første instans handlar om, hadde vore ved hjelp av introspeksjon.

Wundts psykologi[endre | endre wikiteksten]

Wundt dreiv to former psykologi: eksperimentalpsykologi og folkepsykologi. Mest kjend var han for førstnemnte. Han grunnla sitt eige psykofysisk laboratorium i 1879, som var byrjinga på resten av interessa i verda for eksperimentalpsykologien. Byrjande psykologar, fysiologar eller berre interesserte, tok seg gjerne ei studiereise til Tyskland for å eksperimentere med Wundt. Namn som Hall, Cattell, Titchner, Lehman, Kraepelin, Kulpe, Munsterberg, Meumann, Lipps, for å nemne nokre. Alle fekk utdelt kvart sitt forskingsprosjekt der dei brukte både kvarandre og Wundt som forsøkspersonar. Sansepsykologi og psykofysikk var det mest populære forskingstemaet.

Eksperimenta som vart gjort forandra det eigne synet til Wundt radikalt. Det var difor vanskeleg for tilhengarane hans å hengje med. Dei fleste var med ei stund, men bygde så vidare på desse teoriane og starta sine eigne retningar.

Ein samtidig kritikar og konkurrent var William James.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]