Wilhelm av Albania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wilhelm av Albania
Albania 5050938671 1eb7eb6b79 o.jpg
Ca. 1913
Fyrste av Albania
Regjeringstid 7. mars 1914–3. september 1914 (de facto), 31. januar 1925 (de jure, opprettinga av Republika Shqiptare)
Fødd Personar fødde den 1876. 03.
Død 18. april 1945 (69 år)
Ektefelle Prinsesse Sofie av Schönburg-Waldenburg

Wilhelm av Albania (26. mars 187618. april 1945), opphavleg Wilhelm Friedrich Heinrich, prins av Wied, var statsoverhovud i Albania frå 7. mars til 3. september 1914, då han drog i eksil. Regjeringstida hans blei offisielt avslutta 31. januar 1925 då landet blei erklært republikk. I Albania herska han under namnet Vidi I, men blei også kalla Skanderbeg II, i hyllest til den albanske nasjonalhelten Skanderbeg.[1]

Wilhelm var son av den tyske fyrsten Wilhelm av Wied og Marie av Nederland. Han gifta seg 30, november 1906 med prinsesse Sophie av Schönburg-Waldenburg (1885–1936). Dei fekk to barn.

Wilhelm og kona hans kjem til Albania i 1914.

Wilhelm blei føreslått som albansk fyrste av moster si, den rumenske dronninga Elisabet av Wied, då stormaktene Austerrike-Ungarn, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Russland og Italia skulle finna eit overhovud for det nyleg sjølvstendige landet. Valet av Wilhelm blei annonsert i november 1913, og godkjend av den albanske interimstatsleiaren Ismail Qemali.[1] Då Wilhelm først fekk tilbodet takka han nei, men etter austerriksk press bytta han etterkvart meininga og sa 7. februar 1913 ja til rolla.[2]

21. februar fekk Wilhelm det formelle fyrstetilbodet frå ei gruppe framståande albanarar leidd av Essad Pasha Toptani, og fekk tittelen mbret, 'konge' eller 'fyrste'. Han kom til Albania i mars 1914 og slo seg ned i den midlertidige hovudstaden Durrës. Den nye fyrsten utpeikte ei regjering med Turhan Pasha Përmeti som statsminister og hovudsakleg adelege som statsrådar. Etter kort tid braut det ut opprør blant muslimar i sentrale Albania mot sjefsministeren Essad Pasha, og mot utanlandsk innverknad. Den greske hæren gjekk etterkvart inn i og besette Sør-Albania. Vidare tok Essad Pasha imot pengar frå Italia for å gjera opprør og avsetja Wilhelm. Pasha blei arrestert 19. mai 1914 og dødsdømd for landsforræderi, men fekk ved italiensk hjelp dra i eksil til Italia i staden.

Utbrotet av den første verdskrigen førte til endå større problem. Austerrike-Ungarn gjorde krav på albanske styrkar til å kjempa på si side, men Wilhelm nekta og viste til at Albania var erklært nøytralt i London-traktaten av 1913. Dermed mista han pengestøtten frå Austerrike-Ungarn. 3. september 1914, berre seks månader etter å ha kome, forlét Wilhelm landet att og drog til Venezia. I proklamasjonen sin om dette kalla han fråveret sitt midlertidig, men han kom aldri attende.

Wilhelm gjekk inn i den tyske keisarhæren og kjempa i verdskrigen som «hertug av Kruja», eit namn avleidd frå den albanske byen Krujë. Han gav aldri avkall på den albanske trona, Wilhelm døydde i Predeal, nær Sinaia i Romania. Han blei gravlagd i București.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Pearson, Owen (2006). Albania in the Twentieth Century: a history. I.B. Tauris. ISBN 1-84511-013-7. 
  2. Heaton-Armstrong, Duncan (2005). The Six Month Kingdom: Albania 1914. IB Tauris. ss. xii, 12. ISBN 1-85043-761-0. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wilhelm av Albania