Wilhelmshaven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wilhelmshaven
Christus- und Garnisonkirche i Wilhelmshaven
Christus- und Garnisonkirche i Wilhelmshaven
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Wilhelmshaven
Wilhelmshaven is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Niedersachsen
Ingen
Kreisfri by
Grunnlagd 1869
Geografi
Flatevidd
 - By

106,91 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

83 238
  779/km²
Koordinatar 53°31′0″N 8°8′0″EKoordinatar: 53°31′0″N 8°8′0″E
Høgd over havet 2 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 26351-26389
Telefon-retningsnummer 04421
Bilnummer WHV
Heimeside: www.wilhelmshaven.de

Wilhelmshaven er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 85 000 innbyggjarar. Byen ligg på vestkysten av Jadebusen, som er ei bukt i Nordsjøen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Wilhelmshaven er ein relativt ung by i forhold til andre tyske byar. Den prøyssiske marinen trengde ei hamn, så den prøyssiske kongen Vilhelm I grunnla byen i 1869.

Det stod derimot ei borg på staden så tidleg som i 1383, Sibetsburg. Denne borga var eigd av sjørøvarar og øydelagd i 1433 av Hansaen. Fire hundreår seinare ville Preussen ha ein flåte og ei hamn i Nordsjøen. I 1853 oppretta prins Adalbert av Preussen Jadetraktaten (Jade-Vertrag) med Storhertugen av Oldenburg, der Preussen og storhertugen vart einige om at Preussen skulle overta 3,13 km² av områda til Oldenburg ved Jadebusen. Vilhelm I (som seinare vart keisar i Tyskland med same namn) innvia hamna seksten år seinare og gav ho namn.

Wilhelmshaven vart ein av dei viktigaste tyske hamnene. Hertugdømet Oldenburg nøyt òg godt av hamna, som låg nær byen Rüstringen i Oldenburg. Wilhelmshaven og Rüstringen vart slått saman i 1937.

Under den andre verdskrigen vart byen utsett for kraftige bombeåtak, sidan han haldt ein av dei største tyske marinebasane. To tredjedelar av bygningane i byen vart øydelagd. Hamna og garnisonen der overgav seg til den polske hæren 5. mai 1945.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wilhelmshaven

Kjelder[endre | endre wikiteksten]