Willem Janszoon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Willem Janszoon
Statsborgarskap Dei sameinte Nederlanda
Fødd ca. 1570
Amsterdam
Død

ca. 1630 (60 år)

Yrke oppdagar, kolonitjenestemann, navigatør
Språk nederlandsk

Willem Janszoon (ca. 1570–1630) var ein nederlandsk oppdagar og guvernør. Truleg var han og mannskapet hans dei fyrste europearane som såg Australia.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Willem Janszoon vart truleg fødd i Amsterdam. Han vert fyrste gongen nemnd i 1598 som ein sjømann ombord i fartøyet «Hollandia», i teneste for Det nederlandske austindiakompaniet.[1] Fartøyet var del av den andre flåten som vart send til Nederlandsk Ostindia. Han reiste 1601 på ny til Ostindia, då som skipper på «Lam», eitt av tre skip i ein flåte leia av Joris van Spilbergen.[2]

Oppdaginga av Australia[endre | endre wikiteksten]

Replikk av Janszoons skip «Duyfken».

Den tredje gongen Janszoon sigla mot Ostindia, 18. desember 1603, var det som kaptein på skipet «Duyfken», eitt av dei tolv skipa i flåten til Steven van der Hagen.[3] Vel framkomne i Ostindia vart «Duyfken» send ut på leiting etter andre moglege handelsutpostar, særskilt «i det store landet Ny-Guinea og andre aust- og sørland».

«Duyfken» sigla frå Bantam den 18. november 1605 mot vestkysten av Ny-Guinea. Janszoon kryssa Arafurahavet, utan å oppdage Torressundet, og sigla inn i Carpentariabukta. Den 26. februar 1606 ankra skipet opp ved fastlandet nær elva Pennefather River på vestsida av Kapp Yorkhalvøya, nær dagens Weipa. Dette er den fyrste nedskrivne observasjon av Australia av ein europear.

Janszoon heldt fram å kartlegge i kring 300 kilometer av kysten, som han mistenkte for å vere ein sørleg del av Ny-Guinea. Mannskapet opplevde befolkninga som fiendsleg og landet for å vere for sumpaktig, så skipet sigla tilbake til Bantam i juni 1606. Janszoon kalla det nyoppdaga landet for «Nieu Zelandt» etter den nederlandske regionen Zeeland, eit namn som snøgt vart gløymt. Det vert spekulert om at kinesiske, franske og portugisiske sjøfararar kan ha observert ein kvan del av Australias kystar tidlegare enn 1606, men oppdaginga til Janzsoon er den fyrste sikre.

Andre reisa til Australia[endre | endre wikiteksten]

Janszoon rapporterte at den 31. juli 1618 nådde ein land på ei øy på 22° sørleg breiddegrad, cirka 385 km sørsøraust for Sundasundet.[4] Dette vert tolka som ei skildring av halvøya mellom Point Cloates og North West Cape på kysten av Vest-Australia.[5]

Guvernør og admiral[endre | endre wikiteksten]

Janszoon tenstegjorde i Det nederlandske austindiakompaniet i fleire periodar, fyrst 1603–11, så 1612–16. Ei tid var han guvernør over Fort Henricus på Solor,[6] og 1618-28 var han admiral i den nederlandske flåten,[7] og guvernør over Banda (1623-27).[8] I 1619 var han lønna med ei gulllenke verd 1 000 gylden for innsatsen i å fange fire skip frå det Britiske austindiakompaniet, som hadde delteke på javanesarane si side i deira forsvar av Jakarta mot nederlendarane.[9]

Janszzon vende tilbake til Batavia i juni 1627 og fór snart etter, som admiral over ein flåte med åtte skip, på ei diplomatisk reise til India.[10] 4. desember 1628 sigla han heim mot Nederland der han landa sommaren 1629. Ikkje noko er kjent om hans siste dagar, men ein trur at han døydde i 1630.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Mutch (1942), s. 13
  2. Mutch (1942), s. 15
  3. Mutch (1942), s. 17
  4. Heeres (1899), s. 13
  5. Mutch (1942), s. 46
  6. Mutch (1942), s. 43
  7. Mutch (1942), s. 49
  8. Mutch (1942), s. 50
  9. Mutch (1942), s. 48
  10. Mutch (1942), s. 51