William

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

William er eit engelsk mannsnamn som er mykje bruka i store delar av verda. Det er den engelske forma av namnet Vilhelm, og stammar frå normannisk. William har norsk namnedag den 28. mai.

Namnet blei innført til England av normannarane, som Vilhelm erobraren eller William the Conqueror. I dei først hundre åra etter den normanniske erobringa av England blei det det vanlegaste mannsnamnet i landet.[1]

På engelsk blir namnet ofte erstatta med kortformer i daglegtalen — til dømes Willy eller Billy (mest som kjælenamn for born) eller Will/Bill (særleg for vaksne). Liam er ei irsk kortform av namnet.

Namnet finst i ulike former på andre språk, til dømes Vilhelm, Wilhelm og Willem i germanske område, og Guillaumefransk. Fleire kongar har bore namnet.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hanks, Patrick, Kate Hardcastle og Flavia Hodges (2006), «William», A Dictionary of First Names, Oxford University Press, henta 3. februar 2016 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]