William Bentinck, 1. jarl av Portland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hans Willem Bentinck av Hyacinthe Rigaud

Hans William Bentinck, 1. jarl av Portland, baron Bentinck av Diepenheim og Schoonheten[1], KG, PC (fødd 20. juli 1649 i Diepenheim i Overijssel, død 23. november 1709) var ein nederlandsk og engelsk adelsmann som tidleg var ein av favorittane til Vilhelm, prinsen av Oranien, statthaldar i Nederlanda og den framtidige kongen av England. Han var standhaftig, fornuftig, smålåten og uvanleg roleg.[2] The friendship and cooperation stopped in 1699.

Han reiste fleire gonger til England på Vilhelm sine vegner, mellom anna for å bed om handa til Maria, dotter til James, hertugen av York og den framtidige kongen av England, for Vilhelm. Då Vilhelm vart konge av England, vart Bentinck overkammerherre og geheimråd. I april 1689 vart han Baron Cirencester, vicomte Woodstock og jarl av Portland. Han kommanderte eit kavaleri islaget ved Boyne i 1690, var til stades i slaget ved Landen, der han vart skadd, og i omleiringa av Namur i 1695.

Han var med på å få i stand freden i Ryswick i 1697. I 1698 var han ambassadør i Paris for seks månader.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Huset Bentinck - website Europaan Heraldry
  2. Japikse, N. (1927) Correspondentie van Willem III ein Hans Willem Bentinck, Eersten graaf van Portland, Deel I, Het archief van Welbeck Abbey, s. XXI.