William Bouguereau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
William Bouguereau

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 30. november 1825
La Rochelle
Død

19. august 1905 (79 år)
La Rochelle

Yrke kunstmålar, bygningstegner
Språk fransk
Sjanger portrett, figurmåleri, mytologisk maleri
Medlem av Académie des beaux-arts, Fondation Taylor
Ektefelle Marie-Nelly Monchablon, Elizabeth Jane Gardner
Born Henriette Vincens, Georges Bouguereau, Jeanne Bouguereau, Paul Bouguereau, Maurice Bouguereau
Signatur
William Bouguereau på Commons
Sjølvportrett, 1886

William Adolphe Bouguereau (30. november 182519. august 1905) var ein fransk akademisk målar og tradisjonalist. I hans realistiske sjangermåleri nytta han seg av mytologiske tema med moderne tolkingar av klassiske emne, med særleg vekt på kvinnekroppen.


Bouguereau var fødd i ein handelsfamilie i La Rochelle. I ungdomsåra fekk han gjennom ein onkel interesse for religion og gresk mytologi. Særleg vart Bouguereau fascinert av den greske mytologien, og fekk etterkvart overtalt faren om å la han verte kunstmålar.

Booguereau laga måleri over ulike tema, frå storslåtte mytologiske komposisjonar til meir naturalistiske avbildingar av fattige kvinner og barn. Han laga minst 822 ferdige måleri. Målarstilen hans forandra seg svært lite gjennom livet.

Bouguereau fekk mykje merksemd og var ein populær målar, særleg i Frankrike og USA. Han mottok talrike prisar og fekk mykje heider, og selde bilete til høge prisar. Ettersom han var den vesentlegaste salong-målaren i sin generasjon, vart han håna av den impresjonistiske avantgarden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]