William Carlos Williams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
William Carlos Williams
William Carlos Williams passport photograph 1921.jpg
William Carlos Williams - passfoto fra 1921
Nasjonalitet USA
Fødd 17. september 1883, Rutherford i New Jersey, USA
Død 4. mars 1963 (79 år), Rutherford i New Jersey, USA
Yrke Forfattar, lege
Rørsle Modernistisk lyrikk

William Carlos Williams (fødd 17. september 1883 i Rutherford i New Jersey, død 4. mars 1963 same stad) var ein amerikansk lyrikar innanfor modernistisk litteratur. Han var òg barnelege og allmennlege, med medisinareksamen frå Universitetet i Pennsylvania. Det har vorte sagt at Williams «la ned større arbeidsinnsats som forfattar enn han gjorde som lege»[1], men i løpet av den lange karrieren sin utmerkte han seg i begge delar. William Carlos Williams var ein forfattar som Jan Erik Vold trekte fram og omsette til norsk på slutten av 1960-talet.[2] Som poet interesserte Williams seg for språket og fann interesse i dei mest kvardagslege ting.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Barndom og ungdom[endre | endre wikiteksten]

Williams Carlos Williams vart fødd i Rutherford i New Jersey som son av ein engelsk far og ei mor var frå Puerto Rico med fransk, spansk og jødisk bakgrunn. Han gjekk på skule i heimbyen Rutherford fram til 1897 då han vart sendt først til ein skule i Geneve og deretter til Lycée Condorcet i Paris. Etter to år på skule utanlands byrja han på Horace Men High School i New York by. Etter å ha bestått ei særskild prøve kom han i 1902 inn på legestudiet ved Universitetet i Pennsylvania.[3] Williams tok medisinsk embetseksamen i 1906 og spesialiserte seg i pediatri. Frå 1910 praktiserte han som huslege, barnelege og fødselslege i fødebyen sin, der han vart buande til han døydde. Han hevda med stoltheit at han var den einaste amerikanaren som hadde hatt den same adressa i femti år.[4]

Familieliv[endre | endre wikiteksten]

I 1912 gifta Williams seg med Florence Herman (1891-1976), etter først å ha fått avslag då han fridde til den eldre systera hennar.[5] Ekteparet flytta inn i eit hus i Rutherford der dei kom til bli buande i mange år. Ikkje lengje etterpå vart den første seriøse diktsamlinga til Williams, The Tempars utgjeve. På ei ferd i Europa i 1924 var Williams mykje saman med forfattarane Ezra Pound og James Joyce. Florence og sønene til paret vart verande i Europa då Williams reiste tilbake til USA, slik at sønene skulle få oppleve å bu utanlands i eit år, på same måte som Williams og broren hans hadde gjort då dei var unge.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Williams var lege på fulltid, hadde han ein fullverdig karriere som forfattar ved sidan av. Han skreiv både noveller, lyrikk, romanar, essay og ein sjølvbiografi, omfram at han arbeidde med omsetjingar og hadde ein omfattande korrespondanse. Han skreiv om kveldane og tilbrakte helgene i New York by saman med forfattarvener og kunstnarar, blant andre avant-garde-kunstnarane Marcel Duchamp og Francis Picabia og lyrikarane Wallace Stevens og Marianne Moore. Han fekk kontakt med imagistane, ein anglo-amerikansk litterær retning som avviste det kjensle- og symbollada uttrykket i poesien og kravde presise og klåre bilete. Sjølv byrja han å danne seg meiningar om litteraturen som avveik frå oppfatningane til Ezra Pound og T.S. Eliot. Seinare i livet drog Williams på turnear rundt om i USA der han las dikt og heldt foredrag.

Under første verdskrigen, då ei rekkje europeiske kunstnarar slo seg ned i New York, vart Williams ven med europeiske avant-garde-kunstnarar som Man Ray og ovannemnde Francis Picabia og Marcel Duchamp. I 1915 byrja Williams å bli rekna som medlem av ei gruppe New York-kunstnarar og -forfattarar som gjekk under namnet «The Others», «dei andre». Desse vart danna av lyrikaren Alfred Kreymborg og Man Ray, og blant medlemmane fann ein òg Walter Conrad Arensberg, Wallace Stevens, Mina Loy, Marianne Moore og Duchamp. Slik vart Williams kjent med dadaismen, og dette kan forklare at ein i dei tidlegaste dikta hans kan sjå påverknad frå såvel dadaistiske som surrealistiske prinsipp. Deltakinga til Williams blant «dei andre» gav han ein sentral plass i den tidlege modernist-rørsla i USA.

Williams mislikte den hyppige bruken av allusjonar og tilvisingar til utanlandske språk og klassiske kjelder hos Ezra Pound, og særleg T.S. Eliot, som Eliot-diktet The Waste Land (1922) er eit godt døme på. Williams foretrakk på si side å hente inspirasjon frå det han kalla «det lokale» ved at han foretrakk stadnære og kvardagslege motiv. Eit godt døme på den modernistiske lyrikken til Williams er Paterson, den store episke diktkollasjen hans av byen Paterson i New Jersey. Williams skildrar historiske hendingar, menneske og andre trekk knytte til området, og der igjennom set under lupa kva for ei rolle poeten innehar i det amerikanske samfunnet. Han argumenterte sterkt for at lyrikarar skulle freiste å sjå verda slik ho verkeleg er, og ikkje nytte seg av stilistiske grep nedarva frå den klassiske lyrikken eller unaudsynte litterære allusjonar. I diktet A Sort of a Song finst linja «No ideas but in things», og dette sitatet har sidan vorte hyppig brukt som ein oppsummering av den poetiske «metoden» til Williams. Marianne Moore, ein annan skeptikar av tradisjonelle poetiske former, skreiv om Williams at språket i forfattarskapane hans var «rett-fram-amerikansk som kattar og bikkjer kan lese» og at han nytta typisk amerikanske uttrykksmåtar.

Eit av dei viktigaste bidraga til Williams til den amerikanske litteraturen var at han gjerne stilte opp for å rettleie yngre poetar. Sjølv om Pound og Eliot kanskje hausta meir heider og ære i levetida si, var det mange av dei mest sentrale lyrikarane i generasjonen etter dei som anten hadde fått personleg oppfølging av Williams, eller trekte fram Williams når dei nemnde sine viktigaste inspirasjonskjelder. Williams hadde særleg sterk innverknad på mange av dei litterære rørslene i USA på 1950-talet, som til dømes poetane i Beat-generasjonen, San Francisco-renessansen, Black Mountain-poetane og New York-skulen. Han tok personleg Theodore Roethke og Charles Olson under vengjene sine; begge var sentrale i utviklinga av poesien som vart skrive ved Black Mountain College, og gjennom dei vart innverknaden til Williams ført vidare til andre poetar. Robert Creeley og Denise Levertov var to andre lyrikarar som var tilknytte Black Mountain; begge studerte under Williams. Williams var òg ein ven av Kenneth Rexroth, som grunnla San Francisco-renessansen. Williams heldt ei forelesning ved Reed College i Portland som vart retningsdannande for tre andre sentrale medlemmar av San Francisco-renessansen, nemleg Gary Snyder, Philip Whalen og Lew Welch. Han var vidare mentor for ein annan poet frå New Jersey, Allen Ginsberg, og i tilhøvet til Ginsberg skulle Williams vise seg på sitt mest dynamiske som mentor. Ginsberg hevda at Williams i botn og grunn var han som lærde han korleis han skulle skaffe seg ei eiga poetiske røyst. I det ovannemnde diktet Paterson har Williams inkludert fleire av breva til Ginsberg, og Williams sjølv sa at eit av desse breva var ei av inspirasjonskjeldene til den femte sekvensen til diktet. Williams skreiv dessutan forordet til to av bøkene til Ginsberg; ein av dei var det kjende Howl (utgjeve som Hyl og andre dikt i 1968 i omsetjinga til Olav Angell). Williams støtta fleire dåverande ukjende lyrikarar, blant andre H.H. Lewis, som var ein radikal kommunist frå Missouri og som Williams meinte gav stemme til folket i dikta sine. Sjølv om Williams var særs begeistra for dikta til disiplane sine, kunne det variere kor godt han likte resultatet av at andre poetar hadde henta inspirasjon frå han sjølv. Til dømes var han ikkje udelt begeistra for den formlause skrivemåten til visse Beat-poetar. Williams trudde meir på samspelet mellom form og uttrykk.

Sjukdom og død[endre | endre wikiteksten]

Williams fekk eit hjarteanfall i 1948, og deretter byrja helsa hans å bli dårlegare. Etter 1949 fekk han slag ei rekkje gonger. I 1953 vart han òg handsama for klinisk depresjon ved eit psykiatrisk sjukehus.[6]

Williams døydde 79 år gammal i heimen sitt i Rutherford den 4. mars 1963.[7]

To dagar etter at Williams døydde, gjorde ein britisk forleggar det kjent at han ville utgje dikta til Williams i Storbritannia. Williams hadde i levetida si aldri hausta like stor heider på Dei britiske øyane som i USA, og han hadde dessutan alltid protestert mot den engelske innverknaden på den amerikanske poesien.

Lyrikk-utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Dei mest sentrale samlingane i produksjon til Williams er Korea in Hell (1920), Spring and All (1923), Pictures from Brueghel and Other Poems (1962), Paterson (1963, nyutgjeving i 1992) og Imaginations (1970). Det dikta som oftast har vorte teke med i diktantologiar er «The Red Wheelbarrow», som blir rekna som eit døme på den stilen og dei prinsippa til Imagistrørsla vendte seg mot (eit anna døme er diktet «This Is Just To Say»). Men i likskap med Ezra Pound hadde Williams forlengst forkasta imagistrørsla på det tidspunktet då «The Red Wheelbarrow» vart utgjeve i samlinga Spring and All i 1923. Williams er sterkare forbunde med den amerikanske litterære modernistrørsla, og han vurderte seg sjølv som ein utprega amerikansk poet. Med dette meinte han at han la an på å fornye språket ved å nytte den friske, upolerte talemåten som hadde utspringet sitt i det kulturelle og sosiale mangfaldet i USA, og samstundes frigje språket frå det han rekna å vere ei forsliten arv frå den britiske og europeiske kulturen.

Williams freista finnen opp ein heilt ny og frisk poesiform, ein amerikansk poesi kor emna var sentrert rundt den amerikanske hverdagen til folk flest. Han kom deretter opp med konseptet om variabel versefot som utvikla seg frå år med visuell og lydprøver frå verda hans sett i perspektivet av første personen, delvis frå livet som lege. Den variable versefoten har røtene sine i den mangefaserte, munnlege amerikanske talemåtane. Denne oppdagelsen var ein del av den nøye observasjonen hans av korleis radio og aviser påverka korleis folk flest kommuniserte og representerte «maskina gjort av ord», som han skildra i eit dikt i introduksjonen av boka hans The Wedge («Kilen»), akkurat som dei mekaniske rørslene til by kan bli ein bevissthetssplittelse. Williams nytta seg ikkje av tradisjonelt verseform i dei fleste av dikta sine. Hans brevveksling med Hilda Doolittle førde han dessutan inn i sapfisk strofer den indre stemma i sanninga til den poesien:

«The stars about the beautiful moon again hide their radiant shapes, when she is full and shines at her brightest on all the earth» — Sappho.

Dette kan bli sett opp mot eit dikt frå Journey To Love kalla «Shadows»:

«Shadows cast by the street light
under the stars,
the head is tilted back,
the long shadow of the legs
presumes a world taken for granted
on which the cricket trills»

Brota i diktet søkar ut ein naturleg pause slik det blir snakka i amerikanske vendingar, men som òg reflekterer taktrytmane slik dei er innanfor jazz omfram at dei rører sapfisk harmoni. Williams eksperimenterte med ulike typar linjer og fann til sist «trappeforma triadisk linje», det vil seie at ei lang linje er delt i tre segment i ulikt innrykk. Denne linja er nytta i diktet «Paterson» og i dikt som «To Elsie» og «The Ivy Crown». Her er på nytt målet til Williams å vise den sanne amerikanske pulsen (i motsetnad til den ditto europeiske) som er umerkande, men likevel tilstades i det kvardagslege amerikanske språket. Stilistisk arbeidde Williams med variasjonar av frie vers, og utvikla og nytta seg av den triadiske linja som i det lange kjærleiksdiktet hans «Asphodel, That Greeny Flower».[8]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Moderate liberale framstiller Williams som i overeinskomst med amerikansk liberale demokratiske emne, men utgjevingane hans er langt meir radikale, som New Masses indikerer,[9] gjekk hans politiske overtyding langt lengre mot venstre enn omgrepet «liberal» indikerer. Han rekna seg sjølv som sosialist og som ein motstandar av kapitalismen, og i 1935 utgav han The Yachts, eit dikt som skulda den rike eliten som parasittar og massane som streva etter revolusjon. Diktet inneheld eit bilete av havet som «watery bodies», «vasslekamanee», til dei fattige massane som bankar mot skipsskroga «in agony, in despair», «i sjelekval, i desperasjon», i forsøket på å senke seglskutene og avslutte «the horror of the race», «rasen si grusemje».

I introduksjonen til 1944-utgjevinga av dikta i The Wedge skreiv han om sosialismen som ei uunngåeleg framtidig utvikling og som ein naudsynt faktor for at den sanne kunsten skulle kunne utviklast. I 1949 utgav han eit hefte kalla The Pink Church som handla om det menneskelege lekamen, men vart forstått innanfor konteksten av McCarthyismen og kommunistforfølgingane, som ein farleg pro-kommunist. Antikommunismen førde til at han mista posisjonen sin som konsulent ved Library of Congress (det amerikanske nasjonalbiblioteket) vinteren 1952-1953. Det førde til at han måtte leggje seg inn og bli handsama for tung depresjon. I ein ikkje utgjeven artikkel for Blast, eit kortvarig britisk kunstmagasin som hylla krafta til teknologien i åra 1914-1915,[10] skreiv Williams at kunstnarar burde motsetje seg å skrive «propaganda» og «gje seg til skriving (først og sist)». I den same artikkelen hevda likevel Williams at kunsten kunne òg vere «i tenesta til proletariatet».[11]

Ettermæle og æresvisningar[endre | endre wikiteksten]

I mai 1963 vart Williams posthumt gjeve Pulitzerprisen for diktsamlinga Pictures from Brueghel and Other Poems (1962) og Gullmedaljen for poesi av National Institute of Arts and Letters. Det amerikanske samfunnet av poetar, The Poetry Society of America, ærer enno William Carlos Williams ved å presentere ein årleg pris i namnet hans for den beste boka med lyrikk som blir utgjeve av eit lite forlag utan inntjening.

Huset til Williams i Rutherford er i dag lista av National Register of Historic Places som ein historisk stad, og han vart introdusert til New Jersey Hall of Fame i 2009.[12]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Lyrikksamlingar[endre | endre wikiteksten]

  • Poems (1909)
  • The Tempers (1913)
  • Al Que Quiere! (1917)
  • Sour Grapes (1921)
  • Spring and All (1923)
  • Go Go (1923)
  • The Cod Head (1932)
  • Collected Poems, 1921-1931 (1934)
  • An Early Martyr and Other Poems (1935)
  • Adam & Eve & The City (1936)
  • The Complete Collected Poems of William Carlos Williams, 1906-1938 (1938)
  • The Broken Span (1941)
  • The Wedge (1944)
  • Paterson Bok I (1946); Bok II (1948); Bok III (1949); Bok IV (1951); Bok V (1958)
  • Clouds, Aigeltinger, Russia (1948)
  • The Collected Later Poems (1950; revidert utg. 1963)
  • Collected Earlier Poems (1951; revidert utg. 1966)
  • The Desert Music and Other Poems (1954)
  • Journey to Love (1955)
  • Pictures from Brueghel and Other Poems (1962)
  • Paterson (Bøkene I-V i bind, (1963)
  • Imaginations (1970)
  • Collected Poems: Volume 1, 1909-1939 (1988)
  • Collected Poems: Volume 2, 1939-1962 (1989)
  • Early Poems (1997)

Dramatikk[endre | endre wikiteksten]

  • Many Loves and Other Plays: The Collected Plays of William Carlos Williams (1961)

Prosabøker[endre | endre wikiteksten]

  • Kora in Hell: Improvisations (1920) - improvisasjonar i prosadikt
  • The Great American Novel (1923) - ein roman
  • Spring and All (1923) - ein hybrid i prosa og poesi
  • In the American Grain (1925), 1967, repr. New Directions 2004 - prosa om historiske figurar og hendingar
  • A Voyage to Pagany (1928) - ei sjølvbiografisk reisebok i form av ein roman
  • Novelette and Other Prose (1932)
  • The Knife of the Times, and Other Stories (1932)
  • White Mule (1937) - ein roman
  • Life along the Passaic River (1938) - korte forteljingar
  • In the Money (1940) - Sequel to White Mule.
  • Make Light of It: Collected Stories (1950)
  • Autobiography (1951) W. W. Norton & Co. (1. februar 1967) ISBN 978-0811202268
  • The Build-Up (1952) - fullfører «Stecher-triologien» som begynner White Mule.
  • Selected Essays (1954)
  • The Selected Letters of William Carlos Williams (1957)
  • I Wanted to Write a Poem: The Autobiography of the Works of a Poet (1958)
  • Yes, Mrs. Williams: A Personal Record of My Mother (1959)
  • The Farmers' Daughters: Collected Stories (1961)
  • Imaginations (1970) - ei samling av fem tidlegare utgitte verk
  • The Embodiment of Knowledge (1974) - filosofiske og kritiske notat og essays
  • Interviews With William Carlos Williams: «Speaking Straight Ahead» (1976)
  • A Recognizable Image: William Carlos Williams on Art and Artists (1978)
  • Pound/Williams: Selected Letters of Ezra Pound and William Carlos Williams (1996)
  • The Collected Stories of William Carlos Williams (1996)
  • The Letters of Denise Levertov and William Carlos Williams (1998)
  • William Carlos Williams and Charles Tomlinson: A Transatlantic Connection (1998)
  • The Humane Particulars: The Collected Letters of William Carlos Williams and Kenneth Burke (2004)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Colgan, Richard (2009): Advice to the Young Physician: On the Art of Medicine. Spring Press. Side 120
  2. Williams WC. Love. William Carlos Williams i utvalg og norsk gjendiktning ved Jan Erik Vald. Oslo: Den norske bokklubben, 1969.
  3. William Carlos Williams
  4. Lund, P. J.: «Doktor William Carlos Williams - hverdagens poet», Tidsskrift for Den norske legeforening Nr 24 – 18. desember 2003
  5. «Mr. William Carlos Williams». The New York Timest. 20. mai 1976.
  6. Fisher-Wirth, Ann: «Williams's ‘Asphodel, That Greeny Flower’» i: Encyclopedia of American Poetry: The Twentieth Century.
  7. Casey, Phil (5. mars 1963): sine+of+Stroke&pqatl=google «Poet Williams Die sine of Stroke. Works in 40 Volumes Likened to Chekhov». The New York Timest.«William Carlos Williams Dies. Physician Long a Leading Poet. Won Many Literary Honors Over Half a Century. Was 79 Years Old. Combined Two Professions. Won Literary Awards». The New York Timest. 5. mars 1963.
  8. Encyclopedia of American Poetry: The Twentieth Century, ISBN 9781579582401
  9. Educating English. 13. mai 2008: William Carlos Williams Memorial
  10. BLAST
  11. Williams, William Carlos (1978): A Recognizable Image: William Carlos William on Art and Artists. W W Norton & Company. ISBN 0811207048.
  12. New Jersey to Bon Jovi: You Give Us a Good Name, Yahoo News, 2. februar 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Profilar[endre | endre wikiteksten]

Arkiv og verk[endre | endre wikiteksten]