William D. Hamilton
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
William D. Hamilton (1. august 1936–7. mars 2000) var ein britisk evolusjonsbiolog som vert rekna mellom dei viktigaste teoretiske biologane på 1900-talet. Han er mest kjend for arbeidet sitt med slektskapsseleksjon, som førte til eit gensentrisk syn på evolusjonen heller enn den på den tida rådande organismeseleksjonstanken.