William Daniel Phillips
(Omdirigert frå William D. Phillips)
William Daniel Phillips | |||
| |||
Fødd | 5. november 1948 (75 år) Wilkes-Barre i Luzerne County i Pennsylvania | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Amerikansk | ||
Område | fysikk | ||
Yrke | fysikar, akademikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | National Institute of Standards and Technology University of Maryland Catholic University of America | ||
Alma mater | MIT Juniata College | ||
Kjend for | Laserkjøling | ||
Medlem | National Academy of Sciences Det pavelege vitskapsakademiet American Academy of Arts and Sciences American Physical Society International Society for Science and Religion | ||
Religion | Metodisme |
William Daniel Phillips (fødd 5. november 1948 ) er ein amerikansk fysikar av italiensk og walisisk opphav. Phillips vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1997, saman med Steven Chu og Claude Cohen-Tannoudji, «for utviklinga av metodar for å kjøle og fange atom med laserlys».
Phillips tok doktorgrad i fysikk ved Massachusetts Institute of Technology i Cambridge, i 1976 med ein avhandling om magnetisk moment i proton i H2O. seinare utførte han arbeid med Bose-Einstein-kondensasjon. Phillips er òg professor i fysikk ved University of Maryland, College Park.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «William Daniel Phillips» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.