William Hobson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kaptein William Hobson.

Kaptein William Hobson (fødd 26. september 1792 i Waterford i Irland, død 10. september  1842 i AucklandNew Zealand) var den første guvernørenNew Zealand, og medforfattar av Waitangitraktaten.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Hobson vart fødd i Waterford i Irland, somme kjelder seier fødselåret var 1793. Han gjekk inn i Den britiske marinen i 1803 som frivillig. Han gjorde teneste under Napoleonskrigane, og medverka seinare i kampar mot piratar i Karibia. Hobson vart kadett i 1806 og sju år seinare premierløytnant. Han vart forfremja til kommandør i 1824. I desember 1834 fekk han i oppdrag frå George Eden, 1st Earl of Auckland, å dra til til AustindiaHMS Rattlesnake.

I 1836 fekk Hobson ordre om å dra til Australia og kom fram til Hobart den 5. august og nådde Sydney 18 dagar seinare. Den 18. september 1836 segla HMS Rattlesnake til Port Phillip District (seinare Melbourne) med kaptein William Lonsdale og andre embetsmenn til den nye kolonien. I dei neste tre månadane gjennomførte Hobson og offiserane hans ei grundig undersøking av den nordlege delen av Port Phillip, som etter ordre frå guvernør Sir Richard Bourke fekk namnet Hobson's Bay etter Hobson. Skipet hans var med på grunnlegginga av Williamstown. Hobson fekk tilbod om stilling som superintendent i Bombay Marine med ei årsløn på £2000, men han likte seg i Australia, og var kandidat til guvernørposten i Port Phillip, sjølv om årsløna her ikkje var venta å verta høgare enn £800.

New Zealand[endre | endre wikiteksten]

I 1837 segla han til Bay of IslandsNew Zealand, for å hjelpa den britiske konsulen James Busby, som kjende seg truga av ufred mellom māoristammar. Han nådde fram den 26. mai, og bidrog til å redusera spenningane. Då han kom attende til England skreiv han ein rapport om New Zealand, der han føreslo at det vart innført britisk overherredøme over New Zealand, i mindre område, slik Hudson's Bay Company hadde stått for i Canada.[1]

Guvernørløytnant på New Zealand[endre | endre wikiteksten]

På denne tida anerkjende dei britiske styresmaktene suvereniteten til māorifolket, slik den var lagt fram i Declaration of the Independence of New Zealand (Deklarasjon om newzealandsk sjølvstyre) frå oktober 1835, som var utarbeida av Busby. Hobson vart utpeika til guvernørløytnant under guvernøren i New South Wales, Sir George Gipps (ratifisert 30. juli 1839) og britisk konsul på New Zealand (stadfesta 13. august 1839). Han fekk detaljerte instruksjonar av Lord Normanby den 14. august 1839, der det vart gjeve grunnlag for intervensjon på New Zealand, og retningslinjer for kjøp av land ved «rettferdige og likeverdige kontraktar». Dette landet skulle i sin tur verta selt vidare til nybyggjarar med forteneste som skulle brukast til seinare oppkjøp.

Hobson kom fram til Bay of Islands den 29. januar 1840 (som enno i dag vert feira som Auckland Anniversary Day) med ei lita gruppe offisielle representantar, mellom desse eit eksekutivråd samansett av kolonisekretæren, Willoughby Shortland, kolonien sin skattmeister, George Cooper og Attorney-General Francis Fisher. I det lovgjevande rådet sat desse tre saman med tre fredsdommarar.

Waitangitraktaten[endre | endre wikiteksten]

Då han var nådd fram, starta Hobson nesten med det same å skriva utkastet til Waitangitraktaten, saman med sekretæren sin, James Freeman og Busby. Etter å ha fått underskriftene i Bay of Islands, reiste han til Waitemata Harbour for å få fleire underskrifter og å sjå etter ein høveleg stad for ein ny hovudstad (han sende òg assistenten sin, William Cornwallis Symonds, til andre område for å få tak i fleire underskrifter). Etter å ha fått eit slag 1. mars 1840 vart han frakta attende til Bay of Islands, der han kom seg tilstrekkeleg til å ta opp att arbeidet sitt.

Som svar på at det private New Zealand Company hadde skipa ein «republikk» for immigrantane det hadde busett i Port Nicholson (seinare Wellington), og hadde grunnlagd ein ny by der under flagget til eit sjølvstendig New Zealand, hevda Hobson 21. mai 1840 full britisk suverenitet over heile New Zealand, sjølv om dette ikkje i røynda gjekk fram av den ufullstendige underskrivinga av Waitangitraktaten. Han sende Willoughby Shortland og nokre soldatar til Port Nicholson den 25. mai 1840, og styringsorganet til nybyggjarane vart oppløyst. Leiaren deira, William Wakefield, reiste seinare til Bay of Islands for å lova truskap til krona. Framlegget hans om å gjera Port Nicholson til hovudstad vart avslått til fordel for Hobson sine planar om ein ny by ved Waitemata Harbour, som skulle få namnet Auckland etter George Eden, 1st Earl of Auckland.

Den 11. juli 1840 kom den franske fregatten L'Aube til Bay of Islands på veg til Banks Peninsula som ein del av planen til Nanto-Bordelaise Company om å skipa franske busetjingar der. (På den tida var det franske grupper som meinte at Storbritannia ikkje skulle ha monopol på koloniseringa av New Zealand, og at Frankrike i alle fall skulle gjera krav på Sørøya. Hobson sende straks to magistratar til området for å markera det britiske kravet om suverenitet ved å halda rettsmøte.

Mot slutten av 1840 sende nybyggjarane i Port Nicholson ein petisjon til dronning Victoria og kravde at Hobson vart avsett på grunn av handsaminga hans av dei. Hobson gav sitt svar til utanriksministeriet 26. mai 1841.

Guvernør på New Zealand[endre | endre wikiteksten]

I november 1840 underteikna dronning Victoria eit kongebrev (royal charter) som gjorde New Zealand til ein kronkoloni separat frå New South Wales. Hobson vart teken i eid som Generalguvernør og øvstkommanderande på New Zealand den 3. mai 1841.

Hobson reiste til Wellington i august 1841, der han høyrde på klagemål frå nybyggjarar og og fekk valt magistratar. Deretter reiste han til Akaroafor å avgjera franske krav. Attende i Auckland fekk han ein del vanskar med māoriar, og regjeringa hans vart latterleggjort av av journalistar i Wellington og Auckland. Han svara med å stengja avisa New Zealand Herald and Auckland Gazette. Då regjeringa hadde små midlar, utferda Hobson uautoriserte pengesetlar på den britiske statskassa i 1842. Hobson fekk motstand frå «senatsklikken», radikalarar som sende ein petisjon til utanriksministeriet for å få Hobson kalla attende. Ei av dei siste avgjerdslene til Hobson var å skipa Auckland Anniversary Day, for å markera årsdagen då han kom til Bay of Islands.


Hobson fekk eit nytt slag og døydde 10. september 1842, før han vart kalla attende frå embetet. Han er gravlagd i Auckland.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

    Dictionary of New Zealand Biography gjev opp som kjelder:

    • Hobson, W. Papers, 1833–1846. MS Papers 46. WTU
    • Moon, P. Hobson: governor of New Zealand, 1840-1842. Auckland, 1998
    • Orange, C. The Treaty of Waitangi. Wellington, 1987
    • Scholefield, G. H. Captain William Hobson. London, 1934
    • UK Parliament. Correspondence and other papers relating to New Zealand, 1835–1845. In Irish University Press series of British parliamentary papers. Colonies: New Zealand. Vols 3 & 4. Shannon, 1970


    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]