William Jennings Bryan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
William Jennings Bryan i 1907.

William Jennings Bryan (19. mars 186026. juli 1925) var ein amerikansk advokat, statsmann, og politikar fødd i Salem i Illinois i USA.

Bryan var tre gonger nominert som demokratane sin kandidat til president for USA og var ein av dei mest populære talarar i historia til USA, kjent for si djupe, bydande stemme.[treng kjelde]

Bryan var ein overtydd presbyterianar, ein sterk forkjempar for folkeleg demokrati, ein uttalt kritikar av bankvesenet og jarnbane-investorar og eigarane,[treng kjelde] og han var ein leiar for «sølv-rørsla» på 1890-talet. Han var ein dominerande figur i Det demokratiske partiet, aktivist for fred, tilhengar av forbod i alkoholpolitikken, motstandar av darwinismen og ein av dei mest prominente populistiske leiarane på slutten av 1800-talet og i byrjinga av 1900-talet i USA. [treng kjelde]

William Jennings Bryan døydde i Dayton i Tennessee.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: William Jennings Bryan