William Lawrence Bragg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
William Lawrence Bragg
Wl-bragg.jpg
William L. Bragg i 1915
Fødd 31. mars 1890
Nord Adelaide i Sør-Australia
Død 1. juli 1971 (81 år)
Waldringfield i Ipswich i Suffolk i England
Nasjonalitet Australsk
Institusjonar University of Manchester
University of Cambridge
Alma mater University of Adelaide
University of Cambridge
Doktorgradsrettleiar J. J. Thomson
W.H. Bragg
Doktorgradsstudentar John Crank
Ronald Wilfried Gurney
Kjend for Røntgendiffraksjon
Braggs lov
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1915)
Copleymedaljen (1966)
Merknader
I ein alder av 25 år var han den yngste personen nokonsinne til å motta ein Nobelpris. Han var son av W.H. Bragg.

Sir William Lawrence Bragg (31. mars 18901. juli 1971) var ein australsk-fødd fysikar.

Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1915, berre 25 år gammal, saman med far sin William Henry Bragg.

Etter han var ferdig med utdanninga arbeidde han med faren frå 1912 til 1915. Under første verdskrigen var han teknisk konsulent og arbeidde med akustisk peiling og avstandsmåling. Frå 1919 til 1937 var han professor i Manchester etter Ernest Rutherford og frå 1938 til 1953 var han professor i Cambridge, før han vart direktør for The Royal Institution i London fram til 1966. 1953–66. Han utleidde Bragg-lova som gjev vilkåret for refleksjon av ei parallell stråle. Bragg gjorde mykje for å gjere røntgenanalysemetoden betre, mellom anna ved å nytte han ved studiet av komplekse proteinmolekyl i levande organismar.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Academics of the Victoria University of Manchester