William Orpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
William Orpen

Statsborgarskap Storbritannia, Irland, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Den irske fristaten
Fødd 27. november 1878
Stillorgan
Død

29. september 1931 (52 år)
London

Yrke kunstmålar, biletkunstnar
Sjanger portrett
Medlem av Royal Academy of Arts, Royal Hibernian Academy
Far Arthur Orpen
Mor Anne Caulfeild
Ektefelle Grace Orpen
Born Vivien Antonia Bligh St. George
William Orpen på Commons

William Newenham Montague Orpen (27. november 187829. september 1931) var ein irsk-britisk kunstmålar fødd i Stillorgan i County Dublin. Han er særleg påakta som portrettmålar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Sjølvportrett, ca. 1910
Zonnebeke, 1918

Orpen var son til ein irsk advokat. Han studerte fyrst i Dublin og vidareførte studiane på Slade School of Fine Art i London. Orpen fekk sin fyrste pris i 1899 med det allegoriske måleriet Play Scene from Hamlet. I 1902 opna han eit atelier i London saman med Augustus John.

Ros frå John Singer Sargent og andre gjorde at Orpen med åra vart ein av dei mest etterspurde portrettmålarane i London. Han laga elles fleire eksperimentelle sjølvportrett, ofte med dramatiske framsyningar. Samstundes måla han mange verk med impresjonistiske motiv. Regelmessig reiste han til Irland for å arbeide der. Måleria hans frå denne perioden vert rekna til den irske renessansen, ei kulturell oppblomstring i fødelandet i byrjinga av 1900-talet. Etter påskeoppstanden i 1916, som han oppfatta som landsforræderi, sette han aldri sidan sin fot i Irland.

Under fyrste verdskrigen var Orpen tilsett som offisiell krigsmålar, knytt til den militære avdelinga 'War-Artist-Project'. I 1917 reiste han langs vestfronten i Frankrike og måla dei sjokkerande slagmarkane, men også offisielle portrett av offiserar og politikarar. Etter krigen var han i 1919 til stades som kunstnar ved underteikninga av freden i Versailles, der han laga eit stort lerretsmåleri.

Orpen vart sterkt gripen av det han hadde sett under verdskrigen. Han gav ut ei minnebok, og heldt fram med å måle bilete med krigsmotiv. Eitt av måleria, Til ein ukjend britisk soldat drepen i Frankrike, vart møtt med sterk kritikk i pressa. Han fjerna då frå måleriet to forkomne soldatar ståande ved ei likkiste, og Imperial War Museum kjøpte inn verket i 1927.

Orpen døydde i London i 1931. Gjennom livet måla han meir enn 600 portrett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: William Orpen