William Otis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

William Smith Otis (20. september 181313. november 1839) var ein amerikansk ingeniør og oppfinnar. Otis fann opp ein dampdriven framskuffemaskin – den første motoriserte anleggsmaskinen og ein forløpar til gravemaskinen.

Otis var fødd i Pelham i Massachusetts. Det var i Massachusetts han bygde sin første maskin, i 1835, til konstruksjonen av jernbanelinja mellom Norwich og Worcester. Maskinen utførte gravearbeid ein til då hadde gjort for hand med bytter og spader. Maskinen gjorde arbeidet på ein liknande måte som ved kroppsarbeid, med ei bytte som grov ut jord og deretter roterte 90 grader og tømde innhaldet ein passande stad, til dømes ei vogn. Sjølve bytta blei løfta ved hjelp av dampkraft, men den skinnegåande maskinen måtte dragast framover av hestar og utliggaren måtte svingast ved hjelp av menn med tau.

Etter dette drog Otis til Philadelphia der han utvikla maskinen vidare. Han overtalte formannen ved lokomotivselskapet Garrett and Eastwick, Joseph Harrison, til å utvikla ein prototyp. Denne blei teken i bruk i 1837, til å byggja Western Railway. Selskapet Harrison & Eastman bygde etterkvart seks dampgravemaskinar til. Desse kosta 6000 dollar kvar, og fleire blei selde utanlands, til Russland og England. Selskapet Carmichael, Fairbanks and Otis åtte to maskinar, ein av dei var prototypen.

I 1839 fekk William Otis patent på dampgravemaskinen sin. Same året døydde han av tyfoidfeber, berre tjueseks år gammal. Det blei ikkje bygd nokon fleire dampgravemaskinar dei neste tjue åra, men dei som allereie var laga blei tekne i bruk. Oppfinninga blei lovprist i avisene som nyttig og arbeidssparande, men noko tungvint å bruka. Rundt borgarkrigstida tok selskap som John Souther til å konstruera nye, forbetra gravemaskinar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Stueland, Samuel, «The Otis Steam Excavator», Technology and Culture (The Johns Hopkins University Press on behalf of the Society for the History of Technology) 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]