William Sigei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

William Sigei (fødd 11. oktober 1969) er ein tidlegare langdistanseløpar frå Kenya.

William Sigei vann VM i terrengløp både i 1993 og i 1994. I 1994 sette han ny verdsrekord på 10 000 meter på tida 26,52,23 på Bislett stadion i Oslo. For denne prestasjonen fekk han Bislett-medaljen. Rekorden hans heldt til 1995, då Haile Gebrselassie slo han. Dagens verdsrekordhaldar på 10 000 meter er Kenenisa Bekele frå Etiopia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]