Williamsburg i Virginia

Koordinatar: 37°16′15″N 76°42′25″W / 37.27083°N 76.70694°W / 37.27083; -76.70694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Williamsburg

Horisonten til
Horisonten til
Plassering
Williamsburg i Virginia is located in Virginia
Plasseringa i Virginia.
Styresmakter
Land  USA
Delstat Virginia
Fylke Independent city
Borgarmeister Clyde Haulman
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

22,5 km²
  22.1 km²
  0.3 km²
Innbyggjarar
 - By (2010)
   - folketettleik

14 068
  625,2 /km²
Koordinatar 37°16′15″N 76°42′25″W / 37.27083°N 76.70694°W / 37.27083; -76.70694
Høgd over havet 15 m
Tidssone
- Ved sommartid
EST (UTC-5)
EDT (UTC-4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 23185-23188
Telefon-retningsnummer 757
Heimeside: www.williamsburgva.gov

Williamsburg er ein by i Virginia i USA, nær Chesapeake Bay. Han har kring 14 000 innbyggjarar og den viktigaste næringa i byen er turisme.

Heile landskapet rundt er rekonstruert slik det var i kolonitida. Delar av byen er inkludert i Colonial National Historical Park.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Williamsburg var kolonihovudstad i Virginia frå 1699 til 1780 og vart grunnlagt som Middle Plantation, Her fremsette Patrick Henry i 1765 den historiske protesten mot Stempellova, og her vedtok koloniforsamlinga i Virginia i 1776 henstillinga si til Kontinentalkongressen om å erklære koloniane sjølvstendige av Storbritannia. Williamsburg har det nest eldste colleget i USA, College of William and Mary, grunnlagt i 1693.

Den første avisa i byen vart grunnlagt i 1736. Byen vart mindre viktig etter ein brann 1780, då hovudstaden vart flytt til Richmond. Byen vart restaurert 1927–1935 etter bevart byplan, og fekk tilbake preget sitt frå 1700-talet i rein kolonistil. Rekonstruksjonen vart betalt av J. D. Rockefeller jr. Fleire utstillingshallar, mellom anna Capitol og Governor's Palace er haldne heilt i 1700-tals stil, òg når det gjeld inventaret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Williamsburg» i Store norske leksikon, snl.no.